Hovdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Perissodactyla)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovdyr
Sebra
Sebra
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Pattedyr Mammalia
Underklasse: Theria
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Orden: Hovdyr Perissodactyla
Owen, 1848

Hovdyr eller upartåa hovdyr (Perissodactyla) er ei gruppe pattedyr som er kjenneteikna ved at dei har eit oddetal tær (ein eller tre). Kvar tå sluttar i ein kort, brei negl, ein hóv. Hóvar er laga av keratin, det same som neglar og klør.

Artane varierer mykje i utsjånad. Zoologen Richard Owen oppdaga på 1800-talet at desse dyra er nærskylde. Sjølv om dei ulike artane har store forskjellar i utsjånad, finst det likskap i føtene og tennene.

Alle hovdyr stammar frå artar med fem tær. Reduksjonen i talet på tær og evolusjonen av hover skjedde fleire gonger uavhengig. Hovdyra (tapirar, nashorn og hestar) har ei eller tre tær, og utgjer ei naturleg gruppe. Dei næraste slektningane deira er ikkje klauvdyra, slik ein lenge trudde, men truleg skjeldyr og rovpattedyr. Hovdyr (i tydinga hov- og klauvdyr) er difor inga systematisk gruppe, sjølv om gruppa hadde fått det vitskaplege namnet Ungulata i eldre systematikk. Nemninga ungulate blir brukt ein del på engelsk, men ikkje på norsk. Klauvdyra sjølv ser òg ut til å vere ei kunstig gruppe, sidan kvalane ser ut til å vere ein del av denne gruppa.

Hos dei upartåa er det den midterste tåa, opphavleg den tredje tåa, som er framtredande og ber det meste av vekta til dyret.

Av og til har òg elefantane vorte rekna til hovdyra, men desse er ikkje spesielt nærskyldt med verken partåa eller upartåa hovdyr.

Takson[1][endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mammal Species of the World, 3rd edition (MSW3) Taksonomien til American Museum of Natural History er referanse for norsk systematikk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Hovdyr