Bukhinne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Peritoneum)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bukhinna (peritoneum) er ei tynn og fuktig eller serøs hinne som forar overflaten til bukhola til amniotar og nokre andre dyr, som leddormar.

Bukhinna hjå menneske har eit areal på rundt 2 kvadratmeter. Ein del indre organ ligg intraperitonealt, det vil seia heilt dekka av bukhinna. Dette gjeld til dømes lever, milt, den tverggåande delen av tjukktarmen og krøstarmen. Andre organ ligg bak hinna elle er berre delvis dekka av henne. Desse ligg retroperitonealt.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holck, Per (22. februar 2019). «bukhinnen». Store medisinske leksikon (på norsk). 
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.