Hopp til innhald

Perlemaurvarslar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Perlemaurvarslar
Perlemaurvarslarhann
Perlemaurvarslarhann
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Perlemaurvarslar
Utbreiinga av Perlemaurvarslar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Megastictus
Art: Perlemaurvarslar M. margaritatus
Vitskapleg namn
Megastictus margaritatus

Perlemaurvarslar, Megastictus margaritatus, er ein liten maurvarslar i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Megastictus.

Perlemaurvarslar er 14 centimeter i lengd og veg om lag 19,5 gram. Hannen har gråleg fjørdrakt med mørke eller svarte venger og hale. Han har fleire vengeband av uvanleg store kvite flekker og kvite flekker på halefjørene. Hofuglen er brunleg, oversiden av hovud i brunt til olivengrønt, venge og haleflekkene er gulbrune. Hos begge kjønn er strupen lys og undersida lysare enn oversida. Dei flyttar seg snøggt på greiner når dei beitar i trea, 4 til 10 meter over bakken.

Arten har utbreiingsområdet innanfor landa Brasil, Colombia, Ecuador, Peru og Venezuela. Han har habitat i subtropiske eller tropiske våte låglandsskogar opp til 400 moh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Perlemaurvarslar