Perlevengmaursmett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Perlevengmaursmett

Status i verda: LC Livskraftig


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thamnophilidae
Slekt: Microrhopias
Art: M. quixensis
Vitskapleg namn
Microrhopias quixensis
Comalia, 1849

Perlevengmaursmett, Microrhopias quixensis, er ein liten, langhala maursmett i maurfuglfamilien. Han er utbreidd i tropiske Sentral-Amerika og Sør-Amerika frå søraustlege Mexico sør til begge sider av Andes i Ecuador, vidare aust for Andes gjennom Peru til nordlege Bolivia og sentrale Brasil. Dette er den einaste medlemmen av slekta Microrhopias.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein vanleg fugl våt underskog, spesielt i utkantar og i lysningar, i høg, gjenreist sekundærskog og i kakaoplantasjar. Hoa legg to kvite bruneflekka egg som blir ruga av begge kjønn. Reiret er lite, djupt koppforma av plantefiber og daude blad og ligg på ein tynn kvist i tett lauvverk, mellom 1 og 12 meter over bakken. Begge foreldra suter for mat til ungane.

Perlevengmaursmett er vanlegvis 11,5 til 12,5 cm lang og veg 8,5 gram. Den vaksne hannen er hovudsakleg fløyelsaktig svart, med eit breitt kvitt vengeband og kvite flekker på vengdekkarane. Hofuglen skil seg frå hannen ved at ho har mørk skiferfarga overside og raudbrun underside. Det er betydelege variasjonar i fjørdrakta avhengig av underartar, i hovudsak inneber dette at mengda av kvitt på vengene og på halen varierer hos hannar. Men det er dessutan variasjonar i korleis fjørdrakta hos hofuglar skil seg frå hannfuglar. Ungfuglar er sotbrune over og mørk til kjedeleg kanelfarga på undersida. Området med raudfarge er meir omfattande og meir raudbrunt hos unge hofuglar.

Denne arten har eit plystra, pipande rop, og songen er ein stigande fløyte og trille, chee chee chee-che-che-chr,r,r,r, men med nokre geografiske variasjonar.

Perlevengmaursmett lever som par eller i familiegrupper, og nokre gonger med andre maursmettar som del av ein fleirartsflokk. Dei beitar på små insekt og andre leddyr plukka frå kvister og vegetasjon i kratt eller slyngeplanteflokar. Dei blir ofte observert i meir opne, utsette posisjonar når dei beitar enn slektningane sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Perlevengmaursmett