Perm oblast
| |||||
![]() | |||||
Hovudstad | Perm | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 31. 160 237 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 15. ca. 2 820 000 (2002) | ||||
Føderalt distrikt | Privolzjskij (Volga) | ||||
Økonomisk region | Ural | ||||
Regionsnummer | 59 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Oleg Anatoljevitsj Tsjirkunov | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0500 |
Perm oblast (russisk skrift Пермская область) var inntil 1. desember 2005 ein provins (oblast) i Russland og eit av dei 89 føderale subjekta i den Russiske føderasjonen. Hovudstaden var Perm, arealet 160 237 km² og innbyggjartalet i 2002 var 2 820 000.

Perm oblast låg helt i aust i Europa der den store russiske sletta møter Uralfjella. Russisk busetjing i dette området starta på 1500-talet. I 1780 vart provinsen Perm oppretta. Perm oblast vart oppretta i 1938.
83,8 % av innbyggjarane var russarar (2001), 4,9 % tatarar og 4,0 % komipermjakar.
Området har rike mineralforekomstar, her blir det utvunne m.a. olje gass, kol, krom og diamantar.
Som resultat av ei folkeavrøysting i 2004 vart Perm oblast den 1. desember 2005 slått saman med Komi-Permjakia til Perm kraj. Det nye området har hovudstad i Perm.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Artikkel frå Kommersant Arkivert 2005-10-20 ved Wayback Machine.
- NUPI-artikkel