Store Perm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Permia)
Store Perm
13231505

Våpenet til Store Perm

Våpen

Plasseringa til Store Perm
Plasseringa til Store Perm
Hovudstad Ikkje spesifisert
Språk Komipermjakisk
Religion Komi-polyteisme
Russisk ortodoks kristendom
Styreform Fyrstedøme [[Kategori:Tidlegare fyrstedøme|Store Perm, 1323]]
Prins
 - 1481-1505 Matvej Mikhajlovitsj
Historisk periode Mellomalderen
 - Oppretta 1323
 - Annektert av Storfyrstedømet Moskva 1505
Kart over Nord-Russland, med Permia; av Gerard Merkator (Amsterdam, 1595).

Store Perm (russisk Пермь Великая) eller berre Perm (latin Permia), var ein mellomalderstat i dagens Perm kraj i Russland. Fyrstedømmet var folkesett av komar. Ein reknar med at Tsjerdyn var hovudstaden i fyrstedømmet.[1]

Opphavet til namnet «Perm» er ukjent. Sjølv om byen Perm blei stifta i nyare tider og kalla opp etter riket, har Tsjerdyn visstnok vore kjent som «Store Perm» før i tida. Tsjerdyn fungerte som eit handelssentrum, og ein av fleire teoriar er at perm er eit omgrep for «handelsmenn» eller «marknad» på det lokale språket, men det har vore andre teoriar.[2][3] Ein har også knytt det same namnet til toponymet «Bjarmeland» i norrøne soger.[4] Den generelle regionen Store Perm låg i var kjend som «wisu» (arabisk وِيسُو, wīsū) i arabiske kart frå mellomalderen, og er nemnd i verka til Ahmad ibn Fadlan, Al-Gharnati, Zakariya al-Qazwini og Yaqut al-Hamawi (i verket Mu'jam Al-Buldan).

Omgrepet kan ha avleiast frå namnet på vepsarane som busette seg rundt Ladoga og øvre Sukhona.[5]

Fyrstedømet Store Perm[endre | endre wikiteksten]

Fyrstedømmet Store Perm (russisk: Великопермское княжество, Velikopermskoje knjazhestvo; komisk: Ыджыт Перем öксуму, Чердін öксуму) voks fram som ein separat komipermjakisk føydalstat på 1300-1400-talet då Republikken Novgorod var svekka. Fyrstedømet heldt på ein grad av sjølvstende under Storfyrstedømet Moskva, men blei til slutt annektert av Moskva i 1505.

Fyrstedømmet låg i området rundt øvre Kama, og opprettheldt eit nært tilhøve med Vytshegdas Perm (òg kjent som Vesle Perm). Begge Permstatane hadde betalt tributt til Novgorod sidan 700- eller 800-talet. Vytsjegdas Perm blei kristna av Stefen av Perm på 1300-talet, og deretter underlagt Moskva. I 1451 fekk eit permisk prinsehus kontroll over begge områda som vasallar av Moskva; då fekk dei dei titlane «prinsane av Vymskij» og «prinsane av Velikopermskij». Sjølv om kristninga av Store Perm skjedde ikkje lenge etter kristninga av Vytsjegdas Perm, naut Store Perm endå større sjølvstende ved hjelp av plasseringa si mellom tre stormakter: Moskva, Novgorod og Kazan. Til slutt i 1472 erobra ein vasallhær frå Moskva med prinsane Vymskij blant dei Store Perm, og fanga bror hans prins Mikhail Velikopermiskij. På trass av dette kom sistnemnde snart attende frå Moskva, og herska som guvernør over området resten av livet. Sonen hans Matteus Velikopermskij blei avsett av storprinsen frå Moskva i 1505.[6]

Fram til tidleg på 1700-talet blei namnet Store Perm brukt som offisielt namn på det øvre Kamaområdet. Ein sørleg del av dette var styrt av Stroganovfamilien.

Namnet blei lånt av 1800-talsgeologen sir Roderick Murchison som eit namn på ein geologisk periode (permtida), etter mange studium og utforskingar i området.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Artikkel om Tsjerdyn hos uraltourism.com.
  2. Ferdinand Heinrich Müller, Der ugrische Volksstamm, oder Untersuchungen über die Ländergebiete am Ural und am Kaukasus, in historischer, geographischer und ethnographischer Beziehung (1839), 334.
  3. E.g. Allan S. C. Ross, "OWN Bjarmar : Russian Perm", Leeds Studies in English and Kindred Languages 6 (1937), 5-13. Ross (1937) foreslår det er et norrønt begrep for «kant», «strand», bjarmar som da er «folket fra kanten», et navn som så ville bli tatt over av befolkningen og gjort til permi.
  4. Reallexikon der germanischen Altertumskunde, vol. 33, s. 425.
  5. Janet Martin, 'Treasure from the Land of Darkness:The Fur Trade and its significance for Medieval Russia', 1986, s. 7
  6. Artikkel om Store Perms arv på heritage.perm.ru Arkivert 2006-09-29 ved Wayback Machine..

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • V. Oborin. The Settlement and Developing of Ural in Late Eleventh – Early Seventeenth Centuries. University of Irkutsk, 1990.