Pernille Støverstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pernille Støverstein
Fødd 29. oktober 1913
Død

2008 (94 år)

Yrke musikar

Pernille Støverstein (29. oktober 19132008) var ein norsk folkesongar frå Hornindal i Sogn og Fjordane.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Pernille Støverstein vart fødd som Pernille Seljeset på Seljeset i Hornindal. Foreldra var Kristen Kristensen Seljeset (f. 1886) og Steffine Seljeset (f. Gausemel, 1886). Pernille Støverstein budde på Støverstein i Hornindal kommune i Nordfjord.[1]

Saman med ektemannen Ragnvald Støverstein hadde Pernille døtrene Berit, Sigrunn, Kirsti og Olave. Dei fekk i tillegg tre gutar: Anders, Rolf og Kåre.

Folkesongar[endre | endre wikiteksten]

Ei viktig kjelde for Pernille Støverstein var mora Steffine Seljeset. Støverstein hadde og songtradisjon frå farfaren Kristen Mikalsen Seljeset. I ungdommen spelte ho gitar.[1]

I barne- og ungdomsåra gjekk Unni Løvlid i lære hjå fleire kjelder i Hornindal, mellom anna hjå Pernille Støverstein.[2] På plata So ro liten tull, som Løvlid sleppte i 1999, er fleire av slåttane etter Pernille Støverstein. Mor til Unni, Oline Løvlid, er ein av mange som har gjort lydopptak av Pernille Søverstein for Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.[3]

I 2006 kom plata Fortal, som Oline Løvlid tok initiativ til. Her finn ein tradisjonell song frå Hornindal, sunge av 67 kvedarar frå kommunen. Pernille Støverstein var ein av kvedarane på plata. Ho var 93 år gamal då plata vart sleppt, og døydde to år seinare, i 2008.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Fortal (Grappa/Heilo 2006)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]