Pernille Wibe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pernille Wibe

Pernille Wibe i 2015
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. april 1988 (35 år)
Oslo
Yrke handballspelar
Høgd 181 centimeter
Pernille Wibe på Commons

Pernille Bjørseth Wibe (fødd 17. april 1988) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Oslo. Linjespelaren vart europameister i 2014 og verdsmeister i 2015. Ho deltok i 53 landskampar i tida 2011-16 og skåra 34 mål.

Wibe spelte på Bækkelaget SK i tida 2005-08. Deretter gjekk ho til eit av Noregs beste lag på kvinnesida, Byåsen IL, og var aktiv på trondheimslaget i tre sesongar. Sommaren 2011 melde ho overgang til den suverene noregseinaren Larvik HK, og vart både noregsmeister og seriemeister. Då ho syntest ho fekk for lite speletid på Larvik, flytta ho i 2013 til franske Issy Paris, ein klubb ho spelte på til ho la opp våren 2017.

Den 26. mars 2011 debuterte Wibe på det norske landslaget i kamp mot Russland. Ho var med i EM-troppa 2014 og VM-troppa 2015, i begge meisterskapane gjekk Noreg til topps. Wibe gjorde mest av seg i handball-VM 2015, der ho skåra eitt av måla då Noreg vann finalen i Herning mot Nederland med heile åtte mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Handball-EM 2014: Gullmedalje etter 28-25 mot Spania
  • Handball-VM 2015: Gullmedalje etter 31-23 mot Nederland
  • Noregsmeister: 2011 og 2012 med Larvik HK
  • Norsk seriemeister: 2012 og 2013 med Larvik HK
  • Fransk seriesølv: 2014, 2015 og 2017 med Issy Paris

Kjelder[endre | endre wikiteksten]