Pers Resort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pers Resort er eit opplevelseshotell i Gol i Hallingdal i Buskerud. Resorten består av hotell, motell, leilegheiter og hytter. Pers Resort har til saman 1100 senger. Badelandet Tropicana ligg vegg i vegg med hotellet på Pers Resort.

Hotellet blei starta som ungdomsherberge av Per Herbrand Rustberggard og kona Oline i 1949. I 1964 stod det første byggjetrinnet på hotellet ferdig. På den tida hadde hotellet eit areal på 2000 kvadratmeter og 62 senger. I dag har sjølve hotellet eit areal på 22 000 kvadratmeter.