Persarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Persarriket kring 490 f.Kr.

Persarriket er historikarane sitt namn på herskardynastia akemenidane, partarane og sassanidiske si verd. Det persiske riket strekte seg på sitt største frå Indus i aust til Balkan og Libya i vest, Kaukasia og Sentralasia i nord til Abyssinia i sør. Mellom kring 540 og 350 f.Kr. var persarriket verdas fremste politiske og militære stormakt.

Kong Kyros den store (kring 576 f.Kr.–juli 529 f.Kr.) er rekna som grunnleggjaren av det store persarriket.

Riket vert òg kalla Persia, og Iran vert rekna som kjerneområdet. Andre kjerneområde var dei seinare landa Afghanistan, Tyrkia, Tadjikistan og tilstøytande område. Etter tre forsøk klarte Alexander den store å erobra området, men riket fekk snart sjølvstende igjen. Muslimske styrkar fekk herredøme over persarriket på 600-talet, og blei seinare følgde av seldsjukane og mongolske erobrarar.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.