Persaunet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Persaunet
stad
Persaunet leir
Land  Noreg
Kart
Persaunet
63°25′46″N 10°26′37″E / 63.42948°N 10.44368°E / 63.42948; 10.44368
Wikimedia Commons: Persaunet

Persaunet er ein eigedom mellom Kuhaugen og Strindheim i Trondheim kommune.

Persaunet gard, som vart riven i 1970.

Namnet kjem av mannsnamnet «Per» (Peder, Peter) og norrønt auðn, 'øydegard'. Garden er først nemnd i 1590 og låg truleg under Bakke kloster. I 1647 var garden ått av borgarmeister Lauritz Bastiansen Stabell. Frå 1917 høyrde garden til Strinda kommune, som bygde aldersheim og sjukehus her.

20 dekar av eigedommen vart kverrsett av okkupasjonsmakta under Andre verdskrigen. Det vart da oppført ein militærleir, Persaunet leir, her. I 1945 vart leiren overteken av Forsvaret, og Persaunet var ein sentral militær stasjon (Trøndelag Sjøforsvarsdistrikt, Sør-Trøndelag Heimevernsdistrikt, Forsvarets uniformsutsal Trøndelag, Vernepliktsforvaltninga Trøndelag mfl.) heilt fram til 2002. Da vart verksemda i leiren avvikla, og berre Luftkrigsskulen er verksam på Persaunet i dag.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]