Persevs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Persevs

Persevs og Andromeda på ein gresk vase.
Tittelking of Mycenae, king of Argos, king of Tiryns
Opptrer iMetamorfoser
Identifisert medQ3476559
MorDanaë
FarZevs
EktefelleAndromeda
BarnGorgophone, Perses, Alcaeus, Elektryon, Heleus, Mestor, Autochthe, Cynurus, Sthenelus, Erythra, Erythras
Persevs held hovudet til Medusa.

Persevs (gammalgresk Περσεύς, Perseús) var i gresk mytologi son av guden Zevs og Danaë, ei argeisk prinsesse som var dotter av kong Akrisios.

Fødd som ein halvgud[endre | endre wikiteksten]

Kongen lét dotter si Danaë låsast inn i eit tårn[1] for å unngå ein profeti om at han ville bli drepen av guten som skulle bli fødd av Danaë. Zevs besøkte henne i form av eit gylle regn og dermed vart Persevs fødd.[2]

Redd for at profetien framleis kunne gå i oppfylling, plasserte Akrisios dottera og barnebarnet i ein trekasse som han kasta på havet. Under vern av Zevs stranda dei på øya Serifos, der Persevs voks opp blant fiskarar.[3]

Kampen mot Medusa[endre | endre wikiteksten]

For å møta ei utfordring utskriven av rivalen sin Polydektes under ein bankett, la Persevs ut for å drepa den einaste dødelege gorgona, Medusa.[4]

For oppdraget sitt fekk han guddommeleg hjelp frå Hermes og Atene og magiske gjenstandar: kuneaen eller hjelmen til Hades, som gjer beraren usynleg, eit par sandalar med venger som lèt beraren fly i lufta og ein bag (kibisis) han kunne ha hovudet til Medusa i. For å unngå det forsteinande blikket til gorgona brukte han skjoldet sitt som ein spegel og skar av hovudet hennar. Blod strøymde inn i Okeanos-havet. Dette gav opphav til hesten Pegasus og den kjempa Krysaor med gullsverdet.[5]

Frigjeringa av Andromeda[endre | endre wikiteksten]

På veg heim gjekk han gjennom Aethiopia, der han møtte prinsesse Andromeda, som skulle overleverast til eit sjømonster som straff for mora Kasiopeia sine uforsiktige ord om døtrene til Poseidon.[2] Persevs frigjorde Andromeda og gifta seg med henne.

Tilbake i Serifos tok han hemn på Polydektes, som hadde freista å valdta mora Danaë. Deretter drog han med Andromeda til heimlandet Argos, som Akrisios hadde flykta frå av frykt for profetien for å søka tilflukt i Larisa.

Oppfyllinga av profetien[endre | endre wikiteksten]

No hadde kongen av denne byen gravferdsleikar der Persevs deltok. Ved å kasta ein diskos drap han ved eit uhell Akrisios, som deltok på hendingane som tilskodar. Profetien vart oppfylt. Av respekt for den døde bestefaren sin valde han å ikkje styra Argos, etter å ha drepe den førre kongen. Han bytte derfor riket til Tiryn, der Megapentes var konge.[6] Her grunnla han byane Mykene og Midea.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Varianten av soga der Danaë er låst inne i eit tårn i staden for i eit underjordisk fengsel går tilbake til dei romerske forfattarane Horats (Odar, III, 16, 1-4.) og er tatt opp av Ovid (Ars Amatoria, III, 415-415.).
  2. 2,0 2,1 Kleiva, Rønnaug (1996), Greske gudar og gudinnerpublisher=Det norske samlaget, ISBN 82-521-4651-1, OCLC 53794595 
  3. Cotterell, Arthur (2000), L'encyclopédie illustrée de la mythologie : un guide des mythes et des légendes du monde antique, sett om av Cavallaro, Régine; Capmarty, Jean-Max, Rachel Storm, Paris: Les Éditions de l'Orxois, s. 74, ISBN 2-237-00471-4, OCLC 469430970 
  4. Stian Torjussen (24. desember 2020). «Medusa» (på norsk bokmål). SNL. 
  5. Turcan, Isabelle (1989). Persée, vainqueur de la « nuit hivernale » ou le meurtre de Méduse et la naissance des jumeaux solaires Chrysaor et Pégase (Études Indo-européennes utg.).  [Isabelle Turcan tolkar legenda om Persevs, som vann over gorgona Medusa, som ein kosmologisk myte, den om eit «solgeni» som sigra over makta til vinteren.]
  6. Namnet hans (Μεγαπένθης) betyr 'stor sorg'
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.