Persienne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Persienne innanfor eit vindauge.

Persienne (av «frå Persia») er ein solskjerm som vert montert på innsida av eit vindauge for å sperra for innsyn og/eller sollys. Persienner er vanlegvis laga av plast eller metall, og av og til òg av tre.

Den vanlegaste typen består av vassrette metallspiler opphengt i eit system av trådar. Spilene kan vridast for å justera lysmengden som vert sloppe inn, eller verta trekt opp slik at dei er ute av vegen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]