Perthitt
Utsjånad

Perthitt er eit alkalifeltspat (kalinatronfeltspat) som er avblanda slik at små lamellar eller årer av natronfeltspat (albitt) ligg i ein grunnmasse av kalifeltspat (vanlegvis mikroklin).
I feltspatar med submikroskopiske lamellar kan det ved interferens opptre eit vent fargespel.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Perthitt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/perthitt.