Perturbasjon i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein perturbasjon er i fysikk ei lita forstyrring av ein enkel, veldefinert rørsletilstand. Perturbasjonsmetoden blir brukt i teoretisk fysikk, særleg i kvantemekanikk, som ein approksimasjonsmetode for å løyse problem som ikkje lèt seg løyse eksakt. Ein finn ei løysing for det reine, uperturberte systemet og studerer verknaden av perturbasjonen ved hjelp av rekkjeutviklingar, der ein ved stadig å ta med fleire ledd kjem nærare og nærare den eksakte løysinga.

Ein approksimasjon for den eksakte løysinga til A er summen av ei rekkje av perturbasjonar (her kalla \epsilon), som følgjer:

 A= A_0 + \epsilon^1 A_1 + \epsilon^2 A_2 + \cdots

I dette døme er A_0 den kjende løysinga til det eksakt løysbare startproblemet og A_1, A_2, ... representerer høgareordensledd som ein kan finne ved iterasjonsmetodar. For små \epsilon ver desse høgarordensledda i rekkja mindre og mindre for kvart nye ledd. Ei tilnærma «perturbasjonsløysing» får ein ved å avbryte rekkja. Ein førsteordens perturbasjon vil då vere:

A \approx A_0 + \epsilon A_1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]