Perugino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Perugino

Fødd 1448
Città della Pieve
Død

1523 (75 år)
Fontignano

Yrke kunstmålar
Perugino på Commons

Perugino er kallenamnet på ein italiensk målar, aktiv under renessansen. Han var fødd mellom 1445 og 1448 i Città della Pieve, ved byen Perugia (derav kalla «il Perugino»), og døydde i februar eller mars 1523 i Fontignano ved Perugia. Hans eigentlege namn var Pietro di Cristoforo Vannucci, og han vert rekna som ein av dei leiande innanfor den såkalla umbriske målarskulen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Madonna i glorie med barnet og helgenar, ca. 1500
Maria Magdalena, ca. 1500

Sjølv gjekk Perugino truleg i lære hos Piero della Francesca og Andrea del Verrocchio. Han laga i 1473 biletserien Scener frå St. Bernards liv, kanskje saman med målaren Pinturicchio. Sitt mest berømte verk måla han i 1481 i det sixtinske kapell i Vatikanet i Roma. Freskoen Kristus leverer nøklane til Peter er 335 cm × 550 cm stor, og ein av tre freskar han laga i kapellet.

I 1490-åra laga han viktige freskar i eit kloster i Firenze, og tida mellom 1499-1507 arbeidde han med freskar i Palazzo Communale i Perugia. Freskane hans er prega av fantastisk klårleik og plastisitet. Menneska han portretterte utstrålar ein spesiell sjølvrespekt og nåde. Perugino laga også altarbilete. Verka hans vart ofte kopiert av andre målarar.

I samtida var folk særleg imponert av djupneperspektivet i bileta hans. Av den grunn var Perugino den best kjende målaren i Italia. Ryet førte tilsynelatande til at han la opp til masseproduksjon i to verkstader, ein i Perugia og den andre i Firenze. Særleg vart det laga mange madonnabilete.

Målaren Rafael var eleven hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Perugino» frå Wikipedia på tysk, den 23. april 2012.
  • Gyldendals store konversasjonsleksikon, 1972

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Perugino