Perustormsvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Perustormsvale
Foto: Roar Johansen
Foto: Roar Johansen
Utbreiing
Utbreiinga av Perustormsvale
Utbreiinga av Perustormsvale
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormsvalefamilien Hydrobatidae
Slekt: Hydrobates
Art: Perustormsvale H. markhami
Vitskapleg namn
Hydrobates markhami

Perustormsvale (Hydrobates markhami) er ein liten sjøfugl i stormsvalefamilien. Arten har utbreiing i Humboldtstraumen utanfor Sør-Amerika, frå nordlege Chile til sørlege Ecuador.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Foto: Jaime Jahncke

Dette er ei stor stormsvale, ca. 21,5-23 centimeter. Fjørdrakta er mørk brun, men oversida av vengene har tydelege bleike øvre vengband. Halen er djupt kløfta.[1]

I ein studie har ein funne at føda er sett saman av bl.a. blekksprutar, ein ansjosart anchoveta (Engraulis ringens), og ein art av pelagiske trollhummarar (Pleuroncodes monodon).

Perustormsvaler dannar lause hekkekoloniar opp til 5 kilometer frå sjøen. Einaste kjente hekkeplassar for denne arten ligg innanfor Paracas naturreservat, på øyane San Gallan, La Vieja, og inne på Paracas-halvøya. Ein trur dei òg kan ha andre hekkekoloniar på andre øyar og inne i kystørkenen i Peru og Chile. I Paracas er hekkeperioden frå juni til november, desember. Storleiken på populasjonen er estimert til 50 000 kjønnsmodne individ.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]