Pescara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pescara
Pescara Panorama Colle Renazzo0010.JPG
Byvåpenet til Pescara
Byvåpenet til Pescara


Plassering
Pescara is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Abruzzo
Pescara
Borgarmeister Luciano D'Alfonso
Geografi
Flatevidd
 - By

33 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik
 - Storbyområde

122 577
  3 714/km²
om lag 300 000
Koordinatar 42°28′″N 14°12′″EKoordinatar: 42°28′″N 14°12′″E
Høgd over havet 0 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 65100
Telefon-retningsnummer 085
Nettstad: www.comune.pescara.it

Pescara er ein by sentralt i Italia. Han er administrasjonssete i provinsen Pescara i regionen Abruzzo. Byen er delt i to av elva med same namn. I 1926 vart Pescara, delen av byen på sørsida av elva (i provinsen Chieti), og Castellamare Adriatico, delen av byen på nordsida av elva (i provinsen Teramo), slått saman til ein enkelt by, dagens Pescara. Diktaren Gabriele D'Annunzio, som vart fødd her, var sterkt medverkande til samanslåinga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hamna i Pescara om kvelden.

Pescara oppstod før romarane kom til området. Namnet på både byen og elva var i antikken Aternum. Han var forbunde til Roma via romarvegane Via Claudia Valeria og Via Tiburtina. Den største bygningen var tempelet Jovis Aternium. Byen var ei viktig hamn for handel med dei austlege provinsane i Romarriket.

I mellomalderen vart han øydelagd av langobardar (597) og biskopen i byen, Cetteus (Pescara sin noverande vernehelgen), vart skulda for å ha omgått dei kristne grekarane (langobardane var sjølv ariar) og kasta utfor marmorbrua med ein stein festa til nakken.

I 1095 var Pescara ein rik by med fleire viktig monument og kyrkjer. I 1140 erobra Roger av Sicilia byen og starta med det ein periode der byen fleire gongar vart øydelagd av hærar frå Kongedømet Sicilia. Namnet Piscaria («rik på fisk») vart første gong nemnd på denne tida.

Kyrkja Sacro Cuore (Heilag Hjarte) i Pescara.

I 1435 og 1439 erobra Jacopo Caldora byen, og dei neste åra vart Pesacara fleire gonger angripe av venetianarar og seinare, som ein del av det spanske Kongedømet Napoli, vart han omgjort til ein massiv festning.

I 1566 vart han omleira av 105 tyrkiske galleiar. Byen kjempa hardt imot og osmanarane klarte berre å herja i dei omliggande områda.

På byrjinga av 1700-talet hadde Pescara om lag 3 000 innbyggjarar, halvparten av dei i Castellammare. I 1707 gjekk austerrikske troppar under hertugen av Wallis sin kommando til åtak på byen, leia av Giovanni Girolamo II Acquaviva. Byen stod imot i to månadar før dei kapitulerte.

Pescara var alltid ein del av Kongedømet Napoli, bortsett frå ein kort periode under Republikken Napoli i 1798-1799. Derfor gjekk Giuseppe Pronio for Huset Bourbon til åtak på byen. I 1800 vart Pescara erobra av franske troppar og vart ein viktig militærbase for Joseph Bonaparte. Castellammare, som no hadde 3000 innbyggjarar, vart ein eigen kommune.

I 1814 gjorde Pescara sin Carboneria opprør mot Joachim Murat. 15. mai 1815 skreiv kongen her under ein av dei første grunnlovene i den italienske Risorgimento. Dei neste åra vart Pescara eit symbol på Bourbon sitt valdelege styre, sidan eit av dei mest frykta fengsela til Bourbon låg her. Etter ein øydeleggjande flaum i 1853 vart Pescara frigjort av Giuseppe Garibaldi sin samarbeidspartnar Clemente De Caesaris i 1860. Sju år seinare vart festninga rive ned.

Dei neste åra var Pescara den største byen i Abruzzi. Den nye byen vart hardt råka under den andre verdskrigen og store delar av han vart gjenoppbygd i ettertid, og vart dermed ein av dei «nyaste» byane i Italia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]