Petäjävesi gamle kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Petäjävesi gamle kyrkje
Kyrkja sett frå sør
Taket i kyrkja

Petäjävesi gamle kyrkje er ei trekyrkje, bygd i åra 1763-1764 for Petäjävesi bedehusforsamling i Jämsä sokn i Tavastland sentralt i Finland.

Kyrkja er eit typisk døme på ein arkitektonisk tradisjon som er unik for dei austlege delane av Nordeuropa. I 1994 vart ho teken med på UNESCO si liste over verdsarv.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Kring 1720 vart det gjeve løyve til å byggja eit gravkapell i området. Då budde det få menneske der, og folk ferdast oftast langs med vassdrag. På sommaren ferdast ein gjerne i båt, og på vinteren med sledeisen. Ein bygde kapellet mellom dei to innsjøane Jämsä og Petäjävesi. Kapellet vart erstatta av ei kyrkje bygd i tre på same staden. Kyrkja stod ferdig 1764. Byggmeister for kyrkja var snikkarmeisteren Jacob Clementsson Leppänen, som og teikna henne.

Den gamle kyrkja ligg ein kilometer frå sjølve tettstaden Petäjävesi. I 1879 stod det ferdig ei ny kyrkje inne i sjølve tettstaden. Den gamle kyrkja vart då mindre bruka.

Kyrkja og interiøret[endre | endre wikiteksten]

Interiør i kyrkja med preikestolen

Bygningen er ei krosskyrkje som dannar ein gresk kross. Høge, svakt kanta kvelvingar av furu dekkjer krossarmane. I skjæringspunktet ragar det ein åttekanta mellomkuppel.

Ein går inn i kyrkja gjennom grunnetasjen til klokketårnet. Klokketårnet vart bygd i tida 1820-1821 av Jacob Clementsson Leppänens sin sonson Erkki Leppänen.

Preikestolen er etter tradisjonen rekna å vera eldre enn sjølve kyrkja, og er stilistisk lik preikestolen i Jämsä si førre hovudkyrkje. Altertavla, og truleg tavlene på alterveggen er truleg måla av C. F. Blom i 1843.

Utsida av kyrkja vert prega av det høge valmtaket, i stil med gamal gotisk stil tradisjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]