Pete Carr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pete Carr
Pete Carr-1.jpg
Carr i 2014
Fødd22. april 1950 (69 år)
FødestadDaytona Beach i Florida i USA
FødenamnJesse Willard Carr
OpphavUSA
AktivSidan 1965
Instrumentgitar
Tilknytte artistarLeBlanc and Carr,
Hour Glass,
Muscle Shoals Rhythm Section
Verka sommusikar, gitarist, musikkprodusent, komponist

Jesse Willard «Pete» Carr (fødd 22. april 1950) er ein USA-amerikansk gitarist. Carr spelte på hitar av Joan Baez, Luther Ingram, Bob Seger, Joe Cocker, Boz Scaggs, Paul Simon, The Staple Singers, Rod Stewart, Barbra Streisand, Wilson Pickett, Hank Williams jr. og mange fleire over dei siste fire tiåra. Han har òg spelt inn og produsert fire soloalbum og var eine halvdelen i duoen LeBlanc and Carr. Carr har spelt mykje ved FAME Recording Studio i Muscle Shoals i Alabama og Muscle Shoals Sound Studio i Sheffield i Alabama. Han var sologitarist i den kjende Muscle Shoals Rhythm Section. Carr er kjend for å vere allsidig og bruke både elektrisk og akustisk gitar innan ei rekkje stilartar som folk, rock, pop, country, blues og soul.

I tillegg har Carr vore lydteknikar og produsent på mange album gjennom åra, og fått fleire Grammy-nominasjonar for dette. I 1974 vart han nominert til to Grammyprisar for Paul Simon-albumet There Goes Rhymin' Simon og i 1981 for Against the Wind av Bob Seger.[1] I tillegg har Carr produsert Bob Seger sitt Stranger in Town med hitten «Old Time Rock and Roll».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Not A Word On It (1976)
  • Multiple Flash (1978)

Prisvinnande innspelignar Pete Car har spelt på[endre | endre wikiteksten]

Songar på toppen av Billboard-lista:

Album på toppen av Billboardlista:

Grammy-vinnande album:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rolling Stone, 26. november 1981, s. 53-67
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. p. 274.
  3. • Joel Whitburn Presents the Billboard Hot 100 Charts: The Seventies (ISBN 0-89820-076-8)
  4. 4,0 4,1 The Billboard Book of Top 40 Hits, 6th Edition, 1996
  5. • Joel Whitburn Presents the Billboard Hot 100 Charts: The Eighties (ISBN 0-89820-079-2)
  6. «Guilty - Barbra Streisand | Awards». AllMusic. Henta 3. juni 2018. 
  7. «Biography | The Official Barbra Streisand Site». Barbrastreisand.com. Henta 3. juni 2018.