Pete Sears

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pete Sears
Moonalice Lockn 2015 (21242155729).jpg
Sears i 2015
Fødd27. mai 1948 (71 år)
FødestadBromley
FødenamnPeter Roy Sears
OpphavBromley, Kent, England
AktivSidan 1960-åra
Instrument
  • bassgitar
  • klaverinstrument
  • piano
  • gitar
  • ukulele
Tilknytte artistar

Peter Roy «Pete» Sears (fødd 27. mai 1948) er ein engelsk rockemusikar. I ein karriere på meir enn fire tiår har han vore medlem av mange band og spelt innan mange sjangrar, frå tidleg R&B, psykedelisk, improvisasjonsrock i 1960-åra, folk, country og arenarock i 1970-åra, og blues. Han spelar vanlegvis bass, klaverinstrument, eller begge delar.[1]

Pete Sears spelte på Rod Stewart-albuma Gasoline Alley,[2] Every Picture Tells A Story, Never a Dull Moment,[2] og Smiler. I denne perioden turnerte Sears òg i USA med Long John Baldry bluesband og med John Cipollina i Copperhead.

Sears var medlem av Jefferson Starship (1974 til 1984) og etterkomaren Starship (1985 til 1987).[2] Han spelte vidare med Jorma Kaukonen Trio med Kaukonen og Michael Falzarano. Han spelte òg med Kaukonen og Falzarano i lag med Jack Casady og Harvey Sorgen i Hot Tuna.

Sears har spelt med mange andre musikarar gjennom åra, som Dr. John, John Lee Hooker, Leigh Stephens og Micky Waller i Silver Metre; Long John Baldry, Copperhead med John Cipollina, Jerry Garcia, Steve Kimock, Bob Weir, Phil Lesh, Leftover Salmon og Los Lobos.[3][4] I seinare tid har han spelt med David Nelson Band og Moonalice.

Sears har òg skrive musikk for mange dokumentarfilmar, mellom anna den prisvinnande The Fight in the Fields.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum
  • Watchfire (1988)[2]
  • Millennium (1997)
  • The Long Haul (2001)[2]
Med Sons of Fred
  • «Sweet Love» 1964
  • «I'll Be There» 1964
  • «I, I, I Want Your Lovin'» 1965
  • «She Only Wants a Friend» 1965
  • «Baby What You Want Me to Do» 1966
  • «You Told Me» 1966
Med Les Fleur de Lys
  • «Circles» 1966
Med Sam Gopal Dream 1967
  • 1967-innspeling for Screen Gems, ikkje utgjeve
Med Steamhammer
Med Jade (britisk band)
  • «Fly on Strangewings» 1970
Med Silver Metre
  • «Silver Metre» 1970
Med Stoneground
Med Rod Stewart
Med original Jefferson Starship
Med Starship
Med Hot Tuna
Med Jorma Kaukonen
Gjesteartist

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pete SearsAllmusic. Henta 30. mai 2018.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Selvin, Joel. (8. oktober 2001). «Starship Veteran Back On Course: Keyboardist's New CD Features All-Star Support». San Francisco Chronicle. Henta 30. mai 2018.
  3. Pete Sears on Xtreme Musikar. Henta 30. mai 2018.
  4. Skidmore, Mick. (20. februar 2002). «Pete Sears: In It for the Long Haul», jambands.com. Henta 30. mai 2018.
  5. Marsh, Dave. (4. mai 1978). Earth album review, Rolling Stone. Henta 30. mai 2018.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pete Sears