Pete Wingfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pete Wingfield
Fødd7. mai 1948 (75 år)
FødestadLiphook
OpphavStorbritannia
Instrumenttangentinstrument, piano, elektrisk piano
PlateselskapIsland Records
Verka somjournalist, låtskrivar, musikkprodusent, songar, songtekstforfattar, pianist
MorSheila Mary Pigé-Leschallas
FarMervyn Wingfield
Gift medPatricia Jane Slatter

William Peter «Pete» Wingfield (fødd 7. mai 1948 i Liphook i Hampshire i England)[1][2] er ein engelsk plateprodusent, klaverspelar, låtskrivar, songar og musikkjournalist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I 1969 spelte Wingfield klaverinstrument og song på Jellybread-albumet First Slice, som var produsert av Mike Vernon for selskapet Blue Horizon.[3]

Som spesialist på soul i 1970-åra, skreiv Wingfield fleire faste spalter og meldingar i månadstidsskriftet Let It Rock, og det vekentlege Melody Maker. Som artist spelte han i det britiske soulbandet The Olympic Runners og Albert Lee & Hogan's Heroes.

I 1971 spelte Wingfield piano på B. B. King in London og året etter på Seventy-Second Brave, eit album av Keef Hartley Band. Wingfield spelte klaverinstrument på Bryn Haworth-albumet Let the Days Go By i 1974 og oppfølgjaren Sunny Side of the Street i 1975. I 1983 spelte Wingfield klaverinstrument på Haworth-albumet Pass It On.

Wingfield kom inn på singellistene på begge sider av Atlanteren i 1975 med «Eighteen With a Bullet», ein doo-wop-låt. Songen nådde 15. plassen i USA[4] og sjuandeplassen på UK Singles Chart.[5] Songen vart gjeven ut på albumet Breakfast Special og vart sidan nytta i filmen Lock, Stock and Two Smoking Barrels.

Han spelte piano i bandet til Alan Parsons i Abbey Road Studios, med Pete Moss på bassgitar, for Dexys Midnight Runners og Paul McCartney.

I 1977 kom songen hans «Making a Good Thing Better» med på Olivia Newton-John-albumet med same namn.[1] Mellom 1975 og 1981 spelte Wingfield klaverinstrument med The Hollies. I 1980 produserte han det første albumet til Dexys Midnight Runners, Searching for the Young Soul Rebels.[1] I 1980-åra slo Wingfield seg saman med filmprodusenten Mel Brooks, og skreiv songane «It's Good To Be the King» og «To Be or Not to Be». I 1985 produserte han debutalbumet til Kane Gang, Bad and Lowdown World of the Kane Gang. Tre pr seinare produserte han The Proclaimers-hitten «I'm Gonna Be» og albumet deira Sunshine on Leith.

The Pasadenas-songaen «Tribute (Right On)» frå 1988, vart skriven av Wingfield.

Wingfield spelte med Van Morrison i 1974 på Montreux Jazz Festival, som kom ut på DVD i 2006. Fleie år seinare spelte Wingfield i bandet til Morrison på ein sommarturné i Europa. Frå 1983 spelte Wingfield òg i 18 år for The Everly Brothers.[1]

Andre artistar han har spelt i studio med er The Housemartins, The Beautiful South, Van Morrison, Interview, Jimmy Witherspoon og Freddie King; og Paul McCartney på hans Run Devil Run.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Eder, Bruce. «Pete Wingfield – Music Biography, Credits and Diskografi». AllMusic. Henta 11. september 2014. 
  2. «Album by Pete Wingfield». Rate Your Music. Henta 11. september 2014. 
  3. Jellybread (1 October 2001). «Jellybread – Music Biography, Credits and Diskografi». AllMusic. Henta 11. september 2014. 
  4. Billboard 19 Sep 1998 The Branding of the Hot 100 Page. 34
  5. Roberts, David (2006). British Hit Singels & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 607. ISBN 1-904994-10-5.