Peter-Paulus-festningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter-Paulus-festningen

ArkitektDomenico Trezzini
Kart
Peter-Paulus-festningen
59°57′00″N 30°19′00″E / 59.95°N 30.316666666667°E / 59.95; 30.316666666667

Peter-Paulus-festninga (russisk Петропа́вловская кре́пость) er rekna som årestaden for St. Petersburg. Festningen blei grunnlagd i mai 1703 på ordre av Peter den store og bygga etter teikningar av Domenico Trezzinis i perioden 1706-1740 som ein stjernefestning.[1]

Festningen har vore eit museum sidan 1924.[2] Bygningen er den sentrale og viktigaste delen av Det statlege museet for St. Petersburgs historie. Museet er etter kvart blir nærast eineeigar av alle bygningane i festningen, med unntak av bygningen til St. Petersburgs myntverk.

Murane er cirka 10 meter høge og 20 meter breie. Anlegget omfattar Peter- og Pauluskatedralen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Peter og Paulus-katedralen
Peter-Paulus-festningen

Festninga vart etablert av Peter den store den 16. mai (etter juliansk kalender, frå no av angjeve med "(J)"; 27. mai etter den gregorianske kalenderen) 1703 på den vesle Hare-øya på nordbreidda av Neva. Festningen blei bygd under den nordiske krigen for å verna den komande hovudstaden frå eit frykta svensk motangrep, men tente aldri til dette føremålet. Festningen blei fullført med seks bastionar i jord og tømmer på under eit år, og blei gjenoppbygd i stein i perioden 1706-1740.

Frå kring 1720 var festningen base for garnisonen i byen, og blei òg brukt som fengsel for fangar av høg rang eller politiske fangar. Trubetskoj-bastion, ombygd i 1870, blei den viktigaste fengselsblokka. Den første personen til å flykta frå festningsfengselet (no eit viktig reisemål for turistar) var den anarkistiske prins Pjotr Kropotkin i 1876. Andre som har vore fengsla i festningen er Shneur Zalman av Liadi, Aleksej Petrovitsj, Artemij Volynskij, Tadeusz Kościuszko, Aleksandr Radisjtsjev, desembristane, Grigorij Danilevskij, Fjodor Dostojevskij, Mikhail Bakunin, Nikolaj Tsjernysjevskij, Lev Trotskij og Josip Broz Tito.

Den russiske revolusjonen og framover[endre | endre wikiteksten]

Palassbrua og Peter-Paulus-festningen

Under februarrevolusjonen i 1917 blei festningen angripen av soldatar frå Pavlovskii-regiment den 27. februar (J) og fangane blei sett fri. Under den provisoriske regjeringa som overtok blei hundrevis av tsaristiske tenestemenn haldne til fange i festningen.

Tsaren blei truga med å setjast i fengselet på festningen under tilbakereisa si frå Mogilev til Tsarskoje Selo den 8. mars (J). Trusselen blei ikkje følgd opp, og han blei sett i husarrest. 4. juli (J) freista bolsjevikane eit kupp på festningen. Dei overgav seg til regjeringsstyrkane utan kamp 6. juli (J).

25. oktober (J) kom festningen raskt i hendene til bolsjevikane. Etter ultimatum frå Petrograd Sovjet mot den provisoriske regjeringa i Vinterpalasset, etter tomme salvoar frå kryssaren Aurora kl 21:00, skaut kanonar frå festningen 30 skot mot Vinterpalasset. Berre to av skota traff og påførte berre mindre skadar. Forsvararane nekta framleis å overgje seg. Kl 02:10 om morgonen den 26. oktober (J) blei Vinterpalasset teke av styrkane til Vladimir Antonov-Ovsejenko. Ministrane blei så tekne til fange og ført til festninga som fangar.

I 1924 blei det meste av området gjort om til museum. I 1931 blei Gassdynamikk-laboratoriet lagt til området. Festningen lei store skadar under bombinga av byen under andre verdskrigenden tyske hæren kringsette byen. Skadane blei reparerte etter krigen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Peter and Paul Fortress». Saint-Petersburg.com. Arkivert frå originalen 20. juli 2008. Henta 19. juni 2009. 
  2. spb-guide.ru History of the Peter and Paul Fortress