Peter Andreas Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Andreas Jensen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. desember 1812
Bergen
Død

15. juni 1867 (54 år)
Christiania

Yrke prest, lyrikar, salmediktar
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Peter Andreas Jensen (22. desember 181215. juni 1867) var ein norsk prest, forfattar og lesebokutgjevar. Han var far til Nils Riddervold-Jensen.

Jensen var son til ein høker i Bergen. Frå 1824 var han elev hos Lyder Sagen på katedralskulen i byen. Han vart student i 1831 og cand.theol. i 1836. Deretter var han lærar i heimbyen og sidan kapellan. I 1848 fekk han prestestilling i Aker, forfremja til stiftsprost i 1859.

Jensen gav ut fire diktsamlingar og eitt skodespel, alle utan større særpreg. Derimot skulle han spele ei viktig historisk rolle som forfattar/utgjevar av lesebøker. Den fyrste Læsebog kom i 1843. I 1863 gav han ut Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet, eit læreverk som kom i stand etter stortingsvedtak. Boka hadde med tekstar av mellom andre Peter Christen Asbjørnsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Jørgen Moe, Ole Vig, A.O. Vinje, Ivar Aasen og dansken Grundtvig, og representerte det fyrste store brotet med dei reint religionsorienterte lesebøkene. I mange kristelegsinna miljø møtte den såkalla P.A. Jensens lesebog stor motstand, men kom likevel i ni store opplag til 1900.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]