Peter Andreas Sæther
Peter Andreas Sæther | |||
![]() | |||
Fødd | 24. april 1812 Trondheim | ||
---|---|---|---|
Død | 19. desember 1897 (85 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, lærar, klokkar | ||
Alle verv |
|
Peter Andreas Sæther (24. april 1812–19. desember 1897) var ein norsk lærar, ordførar og stortingsmann frå Trondheim.
Far til Sæther var sjømann og døydde tidleg. Sæther vart frå då oppfostra hos morfaren. I unge år var han i fire år huslærar hos soknepresten i Skogn, der han samstundes gjekk i lære for å verte skulehaldar. Han var så lærar og kyrkjesongar i Levanger frå 1832. Frå 1835 til 1879 var han lærar og kyrkjesongar i Alstadhaug sokn i Skogn. Sæther var ordførar i heradsstyret 1850-62 og 1870-73.
Sæther representerte Nordre Trondhjems amt på Stortinget 1851 og 1857-77. Han var 1851 og -57 medlem av kyrkjekomiteen, 1859-60 og 1865-66 av vegkomiteen, 1862-63 sekretær av kyrkjekomite nr 1 og medlem av jarnbanekomiteen, 1868-69 og 1871-77 av tollkomiteen, dei siste fire sesjonane sekretær i sistnemnde. Dessutan var han medlem av Lagtinget 1857-60, visesekretær 1862-63 og sekretær 1864-66, 1868-69 og 1871-73 i same. I den siste valbolken, 1877-79, møtte han berre i 1877, sidan permittert grunna sviktande helse. I 1860 var han medlem av Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Trondheim.
Sæther døydde i Levanger i 1897.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Peter Andreas Sæther NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1812
- Døde i 1897
- Stortingsrepresentantar 1851-1853
- Stortingsrepresentantar 1857-1858
- Stortingsrepresentantar 1859-1861
- Stortingsrepresentantar 1862-1864
- Stortingsrepresentantar 1865-1867
- Stortingsrepresentantar 1868-1870
- Stortingsrepresentantar 1871-1873
- Stortingsrepresentantar 1874-1876
- Stortingsrepresentantar 1877-1879
- Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag
- Ordførarar i Skogn
- Norske lærarar
- Folk frå Trondheim