Peter Artedi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Artedi

Statsborgarskap Sverige
Fødd 27. februar 1705
Örnsköldsviks kommun
Død

27. september 1735 (30 år)
Amsterdam

Yrke botanikar, naturvitar, zoolog
Språk latin
Peter Artedi på Commons
Tittelbladet til Ichthyologia av Artedi.

Peter Artedi (27. februar 170527. september 1735), også kjend under det latinifiserte fornamnet Petrus og slektsnamnet Arctaedius, var ein svensk biolog som vert rekna som grunnleggar av iktyologien.

Peter Artedi var einaste son til Olaus Arctaedius (1670-1728), som var kyrkoherde, og Helena, fødd Sidena (ca 1680-1759).

Etter gymnasiestudie i Härnösand, der farfaren var lærar, vart Peter Artedi skriven inn ved Uppsala universitet 30. oktober 1724. I Uppsala vart Artedi raskt kjend som den leiande innan naturvitskapen, og Carl von Linné vart ein god ven for resten av livet hans. Peter Artedi omkom ved drukning i Amsterdam då han var 30 år gammal.

Peter Artedi er kjend som den første moderne forskaren innan iktyologien (fiskvitskapen). Artedi levde ikkje lenge, men Linné sytte for at verka hans vart gjevne ut etter at han døydde. Ichthyologia omfattar meir enn iktylogines vitskapsfelt: dets andre del, «Philosophia ichthyologica», er ein systematisk klassifikasjon der Artedi klargjer slektsamanheng og opprettar nomenklaturreglar. Desse har mykje til felles med arbeida til Carl von Linné. Sidan Linné redigerte Artedis manuskript, er det vanskeleg å vite kven som har påverka kven, men det er klart at begge hadde eit fruktbart utbytte av kvarandre. Mange har likevel meint at det var Linné som tok over klassifikasjonssystemet frå Artedi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Peter Artedi» frå Wikipedia på svensk, den 23. mai 2007.
    • Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
      • E. Lönnberg «Artedi, Peter», Svenskt Biografiskt lexikon Del II, s.305 ff; andra uppgifter om datum förekommer; og Herdaminnen''

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]