Peter Bakkejord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Peter Marthinus Pedersson Bakkejord (17. mai 185226. september 1925) var ein fiskar, gardbrukar og stortingsmann frå Ankenes i Nordland. Han var medlem av Venstre.

Bakkejord dreiv fiske i Lofoten og på Finnmarka til kring 1880. Han tok då over farsgarden i Ankenes, dreiv i tillegg som snikkar og tømrar. Han var medlem av heradsstyret i 26 år, i fleire år var han varaordførar. Elles var han medlem av åstadsforlikskommisjonen og i mange år var han rettstolk i samisk og kvensk språk. Han var medlem av bygnings- og reguleringskommisjonen for den nye byen Narvik, åra 1898-1902 var han branndirektør for byen.

Bakkejord var einmannskrinsen Nordre Salten sin representant på Stortinget 1906-12. I begge dei to tingbolkane var han medlem av tollkomiteen, i den siste, 1910-12, også av Lagtinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]