Peter Birmann
Peter Birmann | |
![]() | |
Fødd | 24. desember 1758, 14. desember 1758 Basel |
Død |
18. juli 1844 (85 år) |
Yrke | kunstmålar |
Peter Birmann på Commons |
Peter Birmann (24. desember 1758–18. juli 1844) var ein sveitsisk kunstmålar frå Basel. Han var far til målaren Samuel Birmann.

'Utsyn frå Isteiner Klotz oppover Rhinen mot Basel', ca. 1830
Birmann var fødd i Basel, der faren var steinhoggar. Han var i yngre år lærling hos far sin. Frå 1771 gjekk han i lære hos fleire sveitsiske kunstnarar, der i mellom August Kaufmann, Wocher Marquard og Johann Ludwig Aberli. Frå 1781 til 1790 budde Birmann i Roma og var tilsett hos Louis Ducros og Giovanni Volpato. Under opphaldet vart han kjent med Johann Wolfgang Goethe. År 1791 opna han sin eigen verkstad i Basel. Ved sidan av sitt arbeid som målar, tok han unge kunstnarar i lære, som til dømes Achilles Benz og Hieronymus Hess.
Han døydde i heimbyen i 1844.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Perter Birmann» frå Wikipedia på tysk, den 17. juli 2011.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Bilete og tekst frå Voyage pittoresque de Basle à Bienne par les vallons de Mottiers-Grandval von Peter Birmann sind im Portal VIATIMAGES zu finden Arkivert 2010-08-11 ved Wayback Machine..