Peter Bolstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Peter Olsen Bolstad (31. oktober 187226. februar 1924) var ein norsk lærar og gardbrukar frå Hattfjelldal som valbolken 1916-18 representerte einmannskrinsen Nordre Helgeland og valbolken 1922-24 fylkeskrinsen NordlandStortinget, begge perioidane vald for Det norske Arbeidarparti.

Bolstad var son til ein gardbrukar. Sjølv tok han eksamen ved Tromsø seminar i 1895 og var sidan lærar i heimbygda Hattfjelldal til han døydde. Frå 1903 dreiv han også gardsbruket Svensklid. Han var varaordførar i heradet 1910-13 og ordførar 1913-16. Elles var han i to periodar formann i skulestyret i Hattfjelldal. Hausten 1915 vart Bolstad vald til å representere Nordre Helgeland på Stortinget i treårsbolken 1916-18, han var då medlem i Gasje- og pensjonskomiteen. Etter å ha vore ut av Tinget perioden 1919-21 kom han tilbake som stortingsmann frå nyår 1922, vart då vald til sekretær i Landbrukskomiteen. Bolstad døydde vinteren 1924 og vart erstatta av vararepresentanten Ramberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]