Peter Boström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Boström

Statsborgarskap Sverige
Fødd 19. mai 1971 (52 år)
Lundby församling
Yrke låtskrivar, musikkprodusent
Språk svensk
Nettstad http://www.bassflow.se/
Peter Boström (t.v.) med mellom anna Loreen (midten) og Thomas G:son (t.h.) på scena etter at han vann Eurovision Song Contest 2012 som låtskrivar for Sverige.

Peter Boström (fødd 19. mai 1971), òg kjend som Bassflow, er ein svensk musikkprodusent og komponist.

Boström har produsert plater for songarar som Charlotte Perrelli, Bosson og Ola Svensson.

Under namnet Bassflow har Boström gjord remakes av mellom anna «Gloria» av Mando Diao, «What's The Point» av Johnossi og «Split My Personality» av Salem Al Fakir.

I mars 2011 kom Bassflow-miksen av «When We Were 10» med Viktorious.

I seinare tid har Peter Boström delteke som låtskrivar i Melodifestivalen.

Melodi Grand Prix 2012[endre | endre wikiteksten]

I 2012 deltok han som låtskrivar i Melodi Grand Prix saman med Tooji og Figge Boström. Songen, «Stay», vart framført i den tredje delfinalen. Der enda han på andreplass og gjekk vidare til finalen. I finalen var bidraget eitt av fire som gjekk vidare til gullfinalen. Bidraget vann med 155 480 røyster og fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan.

Melodifestivalen 2012[endre | endre wikiteksten]

Boström deltok òg som låtskrivar i den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012, Melodifestivalen 2012. Det fyrste bidraget, «Euphoria», skreiv han saman med Thomas G:son. Songen deltok i den fyrste semifinalen, vann og gjekk vidare til finalen. I finalen vann songen med 168 røyster og fekk representere Sverige i Eurovision Song Contest 2012. Det andre bidraget, «I din himmel», skreiv han saman med Sonja Aldén og Bobby Ljunggren. Songen deltok i den andre semifinalen, men enda på sjetteplass og rauk ut av tevlinga. Det tredje og siste bidraget, «Amazing», skreiv han saman med Danny Saucedo og Figge Boström. Songen deltok i den fjerde semifinalen, vann og gjekk vidare til finalen. I finalen enda songen på andreplass med 198 røyster.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vunne både Melodi Grand Prix 2012 og Melodifestivalen 2012 hadde Boström to bidrag med i Eurovision Song Contest 2012, høvesvis «Stay» av Tooji og «Euphoria» av Loreen.

«Stay» starta som nummer 16 i den andre semifinalen, etter Slovakia med «Don't Close Your Eyes» av Max Jason Mai og før Bosnia-Hercegovina med «Korake ti znam» av Maya Sar. Bidraget fekk ti poeng frå Sverige, åtte poeng frå Estland, fire poeng frå Tyrkia, Slovakia og Litauen, tre poeng frå Nederland, Malta, Kviterussland og Portugal, to poeng frå Bulgaria og eitt poeng frå Bosnia-Hercegovina. Noreg fekk til saman 45 poeng og enda på tiandeplass, saman med Bulgaria, av totalt 18 bidrag. Sidan Noreg hadde éin åttar, medan Bulgaria berre hadde tre seksarar, og båe landa hadde éin tiar kvar, gjekk Noreg vidare til finalen. Hadde ein berre nytta telefonrøyster hadde bidraget fått 72 poeng og enda på sjetteplass og hadde ein berre nytta juryrøyster hadde bidraget fått 25 poeng og enda på 15. og sisteplass.

I finalen starta songen som nummer tolv, etter Estland med «Kuula» av Ott Lepland og før Aserbajdsjan med «When the Music Dies» av Səbinə Babayeva. Bidraget fekk tre poeng frå Sverige og Nederland og eitt poeng frå Island. Noreg fekk til saman sju poeng og enda på 26. og sisteplass av totalt 26 bidrag. Hadde ein berre nytta telefonrøyster hadde bidraget fått 16 poeng og enda på 24. plass og hadde ein berre nytta juryrøyster hadde bidraget fått 24 poeng og enda på 24. plass.

Loreen då ho representerte Sverige og vann Eurovision Song Contest 2012 med songen «Euphoria».

«Euphoria» starta som nummer elleve i den andre semifinalen, etter Kroatia med «Nebo» av Nina Badrić og før Georgia med «I'm a Joker» av Anri Jokhadze. Bidraget fekk tolv poeng frå Nederland, Gerogia, Estland, Slovakia, Noreg og Tyskland, ti poeng frå Portugal, Bulgaria, Slovenia og Litauen, åtte poeng frå Makedonia, Malta og Storbritannia, sju poeng frå Serbia, Kviterussland, Ukraina og Bosnia-Hercegovina, seks poeng frå Kroatia og Frankrike og fem poeng frå Tyrkia. Sverige fekk til saman 181 poeng og vann av totalt 18 bidrag. Dei gjekk dimed vidare til finalen. Hadde ein berre nytta telefonrøyster hadde bidraget fått 180 poeng og vunn og hadde ein berre nytta juryrøyster hadde bidraget fått 145 poeng og vunne.

I finalen starta songen som nummer 17, etter Hellas med «Aphrodisiac» av Eleftheria Eleftheriou og før Tyrkia med «Love Me Back» av Can Bonomo. Bidraget fekk tolv poeng frå Storbritannia, Ungarn, Russland, Island, Frankrike, Estland, Noreg, Danmark, Spania, Tyskland, Irland, Latvia, Belgia, Finland, Israel, Austerrike, Nederland og Slovakia, ti poeng frå Litauen, Kypros, Romania, Serbia, og Slovenia, åtte poeng frå Bosnia-Hercegovina, Bulgaria og Georgia, sju poeng frå Aserbajdsjan, Moldova, Montenegro, Sveits og Kroatia, seks poeng frå Hellas, Tyrkia, Malta, Makedonia, Ukraina og Kviterussland, fem poeng frå Albania og tre poeng frå San Marino og Portugal. Sverige fekk til saman 372 poeng og vann av totalt 26 bidrag. Hadde ein berre nytta telefonrøyster hadde bidraget fått 343 poeng og vunne og hadde ein berre nytta juryrøyster hadde bidraget fått 296 poeng og vunne.

Boström både vann og tapte finalen i Eurovision Song Contest 2012, som den fyrste i historia.

Det svenske bidraget vann òg Marcel Bezençon Awards i kategoriane Artists Award og Composer Award. Etter ei røysting kåra den internasjonale fanklubben til Eurovision Song Contest, OGAE, det svenske bidraget til vinnar, medan det norske enda på femteplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Vinnarlåtskrivarar i Melodi Grand Prix

Mal:Låtskrivarar i Melodifestivalen 2012 Mal:Vinnarlåtskrivarar i Melodifestivalen

Mal:Låtskrivarar i Eurovision Song Contest 2012