Peter Carington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Carington
Peter Carington.PNG
Fødd6. juni 1919
Aylesbury
Død9. juli 2018
London
Statsborgar avStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PartiDet konservative partiet i Storbritannia
Yrkepolitikar, diplomat
InstitusjonarForeign Office
Utdanna vedEton College
Royal Military College, Sandhurst
FarRupert Carington, 5th Baron Carrington
MedlemHosebandordenen
American Academy of Arts and Sciences

Peter Carington (6. juni 19199. juli 2018), kjend som lord Carrington, var ein britisk politikar, aktiv for det konservative partiet. Carington var utanriksminister i Storbritannia under Margaret Thatcher frå 1979 til 1982.

Adelsmannen Carington fekk jobben som forsvarsminister då Edward Heath danna regjering i Storbritannia den 20. juni 1970. Straks etter nyår i 1974 tok Carington over som energiminister i Heath-regjeringa, men før to månader var lidne, gjekk Heath og regjeringa av. Då Margaret Thatcher vart utnemnd til statsminister 4. mai 1979, valde ho Carington til å styre Utanriksdepartementet. Carington gjekk av 5. april 1982, berre tre døgn etter Argentina invaderte Falklandsøyane. Han tok såleis ansvar for at departementet han styrte, ikkje hadde føresett invasjonen.

Frå juni 1984 var Carington generalsekretær i NATO i fire år til 1. juni 1988.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]