Peter Collett Solberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Collett Solberg
Fødd28. oktober 1866
Død10. desember 1934 (68 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
FarSvend Solberg
Alle verv

Peter Collett Solberg (28. oktober 186610. desember 1934) var ein norsk politikar og næringsdrivar frå Skoger i Buskerud. Han var stortingsrepresentant frå 1898 til 1906 for det konservative partiet Høgre.

Solberg, som var son av Svend Solberg, vart cand.jur. i 1888. Han lærte elles språk og handel utanlands, i så vel Tyskland, som Frankrike og England. Han gifta seg med ei dotter av den rike trelasthandlaren Andreas F. Kiær og vart i 1890 tilsett i familiefirmaet And.H. Kiær & Co. i Fredrikstad. Saman med slektningar tileigna Solberg seg ei rad store skogeigedomar og mykje skogindustri i Noreg, Sverige og Russland. Frå 1890-åra bygde Solberg også opp Norsk Elektrisk Brown Boveri (NEBB) i hovudstaden, eit firma han var styreformann for til han døydde i Oslo.

Solberg var stortingsmann 1898-1906 frå Fredrikstad. Dei fyrste tre sesjonane på Tinget var han medlem i Sosialkomiteen, dei neste tre sesjonane sekretær i same komiteen. Sidan var han medlem i Jarnbanekomiteen 1903/4 og 1905/6. Elles var han bystyremedlem i Fredrikstad frå 1905 til 1907.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]