Peter Debes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Debes
Fødd 4. mars 1845
Kristiania
Død

30. mai 1914
Kristiansand

Peter Olaf Debes (4. mars 184530. mai 1914), eller Peter Olaf Nielsen, var ein norsk lærar, tollar og stortingsmann frå Christiania. Etternamnet Debes tok han i bruk frå 1897.

Debes var son til ein snikkarmeister. Han tok i 1866 eksamen ved krigsskulen, og var deretter sekondløytnant til han i 1868 vart premierløytnant i Kristiansandske brigade, forfremja i 1880 til kaptein. Tida 1872-82 var han lærar ved borgar-/middelskulen i Kragerø. Han fekk i 1882 stilling ved tollkontoret i Kragerø. År 1893 vart han tollkasserar i Larvik og i 1897 tollinspektør i Kristiansand, frå 1908 tollkasserar der.

Debes var medlem av Kragerø bystyre 1882-93. Han var stortingsrepresentant for Kragerø 1883-94, og Larvik og Sandefjord 1895-97. I den fyrste valperioden, 1883-85, var han medlem av tollkomiteen. Frå 1886 var han medlem av militærkomiteen, sekretær 1889-90 og formann 1891, samt 1893-94. I si siste stortingsperiode, 1895-97, var han ordinær medlem av same komiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]