Peter Flor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Flor
Stoltenberg-PP Flor.jpg
Fødd 25. september 1775
Christiania
Død

8. april 1848
Drammen

Yrke journalist, offiser, forfattar, politikar

Pierre Poumeau Flor (25. september 17758. april 1848) var ein norsk politikar, publisist og offiser, kjend som Peter Flor. Flor var ein radikal stortingsmann og var aktiv i opposisjonen, særleg i 1821-22.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Pierre Poumeau Flor var fødd på garden Lilleaker i Aker (nov. Oslo) som son av Jens Lorentz Flor, som var titulær generalauditør, regimentskvartermeister og auditør ved 2. infanteriregiment i Akershus, og Maren Bolette Heegaard.

Flor tok juridisk eksamen i 1792 og auditøreksamen i 1793. Han tente som offiser i hæren og var konstituert i same stilling som faren. I 1800 fekk han avskil frå hæren med pensjon på grunn av sjukdom som gjorde han sengeliggande i to år. Frå 1806 til 1811 var han gardbrukar.

Flor sa frå seg pensjonen att og tente som divisjonssjef i kystvernet då Danmark-Noreg kriga mot Storbritannia under Napoleonskrigane. For tenesta fekk han tittelen krigsråd i 1812.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Flor skreiv om jordbruksreformer i tida 1810–12. I 1816 grunnla han Drammens Tidende saman med Søren Tybring, og verka ei stund som redaktør der. I 1818 blei han vald til Stortinget for Drammen. Han blei gjenvald i 1821 og 1822, og seinare igjen i 1842. I 1821 var Flor president for Lagtinget i to korte periodar. Saman med Jacob Hoel leia han «det Flor-Hoelske parti», ein opposisjon på litt over 20 tingmenn sett saman av borgarar og bønder.

Floer-Hoel partiet hadde som hovudsak å unngå ein deflatorisk politikk. Men Flor markerte seg sterkt når det galdt unionen med Sverige. Han stod for ei sterk nasjonalistisk linje og ville fjerna alle teikn på at Noreg var underlagt Sverige, og gav framlegg om at Noreg skulle ha eit eige flagg utan unionssymbol, norsklaga kroningsregalia, at Noreg måtte nemnast før Sverige i monaerken sin tittele når denne var brukt i Noreg og at posten som statthaldar skulle fjernast. Han føreslo også at ein skulle oppheva fleire av dei høgste embeta i landet og prøvde hardt å redusera makta til embetsstanden. Nokre av uttalingane hans var så sterke at det blei føreslått å stilla han for riksrett. Sjølv ville Flor stilla heile regjeringa for riksrett då ho la fram eit forslag om ny maktfordeling mellom statsmaktene. Etter at stortingssesjonen i 1821 var over søkte Flor regjeringa om bevilling som sakførar, noko han ikkje fekk.[1]

Flor var den første direkte tilhengjaren av Jeremy Bentham i Noreg, og i 1823 brukte han denne sine politiske teoriar til a visa at regjeringa ville svekka både Storting og grunnlov om framlegget vann fram. Sjølv ville Flor fordela makt til forsamlingar i kommunane som skulle velja sine eigne embetsmenn. Han gjekk seinare òg inn for allmenn røysterett.

Stortingsvalet i Drammen i 1824 var omstridd, og Stortinget sin fullmaktskomité avviste til slutt Peter Flor som stortingsrepresentant. Frå 1824 til 1826 var Peter Flor medarbeidar i opposisjonsbladet Patrouillen og frå 1831 til 1833 gav han ut Folkebladet saman med Henrik Wergeland. 18. mai 1833 sa han frå seg krigsrådtittelen. Frå 1840 til 1842 var han redaktør av Drammens Adresse.

I 1842 kom Flor inn att på Stortinget som fast møtande suppleant. I 1845 tildelte Stortinget han ein årleg pensjon for «Retsind og Fædrelandskjærlighed». Fram til 1874 var Flor det einaste medlemmet av presidentskapet som ikkje var embetsmann.

Han døydde i Drammen.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Oeconomisk Reise til Lister og Jæderen, foretagen i Efteraaret 1810, i Topographisk-statistiske Samlinger, bd. 1, 1811, s. 1–158
  • Motion i Norges Storthing den 17de Marts 1818, med dertilhørende Deduction m.m., 1818
  • Forslag om en Deel unødvendige Embeders Afskaffelse, 1821
  • Bemærkninger over de paa det tredie ordentlige Storthing 1821 fremsatte Constitutions-Forslag, Drammen 1823
  • Critisk Bedømmelse over “Udkast til en Lov angaaende Formænd, eller de elegerede Mænd i Kjøbstæderne og Ladepladserne, affattet i Committeen for Norges Lovgivning”, Drammen 1826

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. «Da Conjuucturerne havde tilintetgjort hans Formue» (Moe 1845, s. 62)