Peter Fredrik Hjort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Fredrik Hjort
Fødd23. mars 1924
Oslo
Død1. januar 2011
Bærum kommune
NasjonalitetNoreg
Områdehematologi, geriatri
Yrkeprofessor, lege
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Folkehelseinstituttet
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Peter Fredrik Holst Hjort (23. mars 19241. januar 2011) var ein norsk lækjar og professor i medisin frå Oslo. «Han var en norsk og internasjonal pioner innen utforskningen av helsetjenestens mål, midler, metoder, kvalitet og dynamikk.»[1]

Hjort vart cand.med. i 1950 og dr.med. 1957. Som spesialist i indremedisin vart han i 1959 tilsett på Ullevål sykehus i Oslo. Han var 1960-69 dosent i hematologi ved Universitetet i Oslo, frå 1969 professor.[1]

I tida 1968-71 var Hjort med på å leggje tilrette for medisinstudia ved Universitetet i Tromsø. 1972-73 var han den fyrste rektoren for Universitetet i Tromsø. Han trekte seg frå posisjonen etter usemje med studentane.[1] Men han heldt fram i professoratet til han pensjonerte seg.

Perioden 1976-94 var Hjort leiar av gruppa for helseteneste-forsking ved Noregs allmennvitskaplege forskingsråd og for samfunnsmedisin ved Folkehelseinstituttet.<ref name=SNL> I fleire år var han formann i Nasjonalforeningen for Folkehelsen sitt eldreråd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Peter Fredrik Holst Hjort». Store norske leksikon (på norsk). 8. mars 2023.