Peter Gunn Theme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Peter Gunn» er kjenningsmelodien komponert av Henry Mancini for TV-serien med same namn.[1] Songen var opningssporet på det originale filmmusikkalbumet, The Music from Peter Gunn, som kom ut i 1959.[2] Mancini vann ein Emmy Award og to Grammy-prisar for årets album og beste arrangement.[3]


I sjølvbiografien sin, Did They Mention the Music? sa Mancini:

« 'Peter Gunn'-temaet kom meir frå rock and roll enn frå jazz. Eg brukte gitar og piano i samklang, og spelte det som i musikken er ein ostinato, som tyder obsternasig. Dette går att gjennom heile stykket, og gjev ein skummel effekt, med nokre skremande saksofonlydar og skrikande brass. Stykket har berre ein akkord og ei superenkel topplinje.»[4]

Det vart skrive tekst til songen av Jay Livingston og Ray Evans og denne vart først spelt inn i 1964 av Sarah Vaughan i eit arrangement av Bill Holman på albumet hennar Sarah Vaughan Sings the Mancini Songbook.[5] Mancini spelte òg inn ein vokal versjon kalla «Bye Bye» som finst på filmmusikkalbumet hennar Gunn...Number One! frå 1967.[6]

Trompetisten Ray Anthony gav ut den første singelversjonen av songen, på Capitol Records i 1959. Denne var arrangert av Mancini og han hadde med seg tenorsaksofonisten Plas Johnson. Singelen nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 og 12. plassen på R&B-lista.[7]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er blitt spelt inn av mange andre artistar, mellom anna ein populær versjon av gitaristen Duane Eddy. Innspelinga hans av songen nådde andreplassen på singellista i Australia, sjetteplassen på UK Singles Chart og 27. plassen på Billboard Hot 100 i 1959.[8] Songen finst på albumet Especially for You frå 1959.[9] Innspelinga vrt produsert av Lee Hazlewood og Lester Sill.[10]

Peter Gunn
av Duane Eddy
frå albumet Especially for You
B-side «Along the Navajo Trail»
Utgjeve Juni 1959
Innspelt Mars 1959, Audio Recorders i Phoenix
Sjanger Rockabilly
Lengd 2:23
Selskap Jamie
Låtskrivar(ar) Henry Mancini
Produsent Lee Hazlewood, Lester Sill
Duane Eddy-kronologi
«The Lonely One»
(1959)
Peter Gunn «Yep!»
(1959)


I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Henry Mancini: Sounds and Scores, Northridge Music, Inc. 1973, 1986
  2. Liner notes to RCA album LPM/LSP-1956
  3. Did They Mention the Music?, Henry Mancini with Gene Lees, Published by Contemporary Books, Inc., 1989, page 236
  4. Did They Mention the Music?, Henry Mancini with Gene Lees, Published by Contemporary Books, Inc., 1989, page 87
  5. Liner notes to Mercury Records SR 61009
  6. Liner notes to RCA Victor LPM/LSP-3840
  7. Ray Anthony and His Orchestra, «Peter Gunn» Chart Positions Henta 26. april 2014
  8. Duane Eddy, «Peter Gunn» Chart Positions Henta 26. april 2014
  9. Duane Eddy, Especially for You Henta 26. april 2014
  10. Duane Eddy, «Peter Gunn» single release Henta 26. april 2014
  11. Pete Candoli and His Orchestra, «Peter Gunn» EP release Henta 26. april 2014
  12. Ted Heath and His Music, «Sermonette» single release Henta 26. april 2014
  13. Shelly Manne and His Men, «Peter Gunn» single release Henta 26. april 2014
  14. Deodato, «Peter Gunn» Chart Positions Henta 26. april 2014
  15. Emerson, Lake & Palmer, «Peter Gunn» single release Henta 26. april 2014
  16. Aretha Franklin/The Blues Brothers, «Peter Gunn» Chart Position Henta 26. april 2014
  17. «RPM Top Singles - 12. juli 1986». Library and Archives Canada. Henta 13. februar 2017. 
  18. Art of Noise, «Peter Gunn» Chart Positions Henta 26. april 2014
  19. Art of Noise, In Visible Silence Henta 26. april 2014
  20. «Isabel Rose Releases New Album Trouble in Paradise». Broadway Music World. 29 July 2014. Henta 13. februar 2017. 
  21. Peter Gunn Theme Returns To Spy Hunter Henta 13. februar 2017
  22. The Bishop Henta 13. februar 2017
  23. How I Met Your Mother, «The Rough Patch» synopsis Henta 13. februar 2017.