Peter Hammill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Hammill

Peter Hammill på scenen på NEARfest i Bethlehem i Pennsylvania, juni 2008
Fødd5. november 1948 (75 år)
FødestadEaling i London i England
FødenamnPeter Joseph Andrew Hammill
OpphavManchester i England
AktivSidan 1968
Sjanger
InstrumentVokal, gitar, piano, klaverinstrument
Tilknytte artistarVan der Graaf Generator
PlateselskapCharisma, S-Type, Virgin, Naive, Foundry, Enigma, Fie!
Verka somSongar, låtskrivar, plateprodusent

Peter Joseph Andrew Hammill (fødd 5. november 1948) er ein engelsk musikar. Han var med å skipe det progressive rockebandet Van der Graaf Generator. Hammill er mest kjend som songar og låtskrivar, men han speler òg gitar og piano og fungerer som produsent for sine eigne innspelingar, og stundom for andre artistar. I 2012 fekk han Visionary-prisen under den første Progressive Music Awards.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Peter Hammill vart fødd i Ealing i Vest-London, og flytta med familien til Derby då han var 12.[2] Han gjekk på Beaumont College og Manchester University, der han studerte vitskap.[3] Hammill har sagt at bestefaren opphavleg kom frå Pakistan.[4]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Solokarrieren til Hammill gjekk føre seg samstundes med Van der Graaf Generator. Bandet fekk kontrakt med Mercury Records i 1968, som berre Hammill signerte. Då Van der Graaf Generator vart oppløyst i 1969 ønskte han ås pele inn den første soloplata si. Sommaren 1969 fekk Hammill fast spelejobb på The Lyceum og spelte solokonsertar der kvar veke.[5] Albumet som opphavleg var tenkt som eit soloalbum, kom ut som eit Van der Graaf Generator-album (The Aerosol Grey Machine).[6] Det første verkelege soloalbumet til Hammill var Fool's Mate (1971), med songar frå dei tidlege dagane (1967/68) med Van der Graaf Generator.

Van der Graaf Generator og etter[endre | endre wikiteksten]

Då Van der Graaf Generator vart oppløyst att i august 1972, tok Hammill opp att solokarrieren. Songar meint for Van der Graaf Generator enda no opp på soloalbuma hans, mellom anna «Black Room» (på Chameleon in the Shadow of the Night) og «A Louse Is Not a Home» (på The Silent Corner and the Empty Stage). På dei fleste songane som soloartist og for bandet, er han oppført som einaste låtskrivar. Somme av soloalbuma hans vart spelt inn i lag med medlemmar frå Van der Graaf Generator. Generelt vert soloalbuma til Hammill tematisk rekna som meir personlege, medan songane til bandet hadde meir generelle tema.

Nadir's Big Chance (1975) var ei stor endring frå det føregåande In Camera. Medan In Camera er har ekstremt intense og komplekse songar, og til og med noko musique concrète, inneheld Nadir's Big Chance songar som kan minne om punkrock. I eit radiointervju i 1977 spelte John Lydon frå Sex Pistols to spor frå dette albumet og snakka rosande om Hammill: «Peter Hammill er veldig bra. Ein sann original. Eg har berre likt han i årevis. Om du lyttar til han, soloalbuma hans, er eg heilt sikker på at Bowie har kopiert mykje frå den gubben. Han har ikkje fått all ære som han skulle hatt. Eg elskar alle greine hans».[7]

Over (1977) inneheld særs personlege songar om slutten av eit langvarig kjærleiksforhold.

Det første soloalbumet til Hammill etter Van der Graaf vart oppløyst i 1978 var The Future Now. Han song på fleire spor for solodebutplata til Robert Fripp, Exposure, gjeve ut i juni 1979.

På dei neste soloalbuma sine, pH7 og A Black Box, vart stilen meir kompakt og new wave-aktig. På desse albuam spelte Hammill trommer sjølv. Etter dette følgde «K group». I seinare år har Hammill omtalt denne gruppa som ei «beat-gruppe».[8] K group bestod av Hammill sjølv på gitar og piano, med John Ellis på sologitar, Nic Potter på bass og Guy Evans på trommer og perkusjon. Denne gruppa spelte inn albuma Enter K og Patience.

Konsertar[endre | endre wikiteksten]

Konertane til Peter Hammill har ofte til ein viss grad vore uføreseielege etter kva songar som vert spelt, arrangementa og musikarane han hadde med seg pås cenen. Hammill har generelt ikkje lagt ut på turné for å marknadsføre albuma sine.

Frå september 1981 til september 1985 spelte Hammill med K group, som var rå, energiske new-wave-rock. Konsertopptak frå fleire av desse konsertane kom ut på The Margin. I mars og april 1983 var Hammill og John Ellis oppvarmingsartist for Marillion på den britiske turneen deira for debutalbumet Script for a Jester's Tear.[9][10]

Frå februar til oktober 1990 spelte han med Nic Potter på bass og Stuart Gordon på fiolin. Eit konsertopptak finst på Room Temperature. Frå april 1993 til august 1996 hadde dei med seg Manny Elias på trommer. Eit opptak frå desse konsertane kom ut på There Goes the Daylight. Frå oktober 1994 til august 1996 spelte Hammill med David Jackson på fløyte og saksofon, Stuart Gordon på fiolin og Manny Elias på trommer. Denne besetninga vert stundom uformelt kalla Peter Hammill Quartet[11]).

Frå januar 1998 til november 2006 spelte Hammill berre med Stuart Gordon på fiolin. Opptak frå desse konsertane kom ut på Veracious.

Heilt sidan 1969 har Hammill òg spelt konsertar med berre han på gitar og klaverinstrument.

Fie! Records[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlege platene til Hammill, som Van der Graaf Generator-albuma, kom ut på Charisma Records. Han avslutta kontrakten med dei etter pH7 (1979), og gav så ut ei rekkje album på mindre selskap. A Black Box kom ut på S-Type, eit selskap driven av Hammill og manageren hans Gail Colson. Enter K og Patience kom ut på Naive, Skin og The Margin på Foundry og In a Foreign Town, Out of Water og Room TemperatureEnigma Records. I 1992 skipa han sitt eige selskap, Fie! Records, der alle albuma hans sidan Fireships er gjevne ut. Logoen til selskapet er den greske bokstaven phi (Φ), eit ordspel på PH-I. Sidan 1970-åra har han eigde sitt eige platestudio, kalla Sofa Sound. Nettsida hans vart sidan kalla opp etter studioet.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

I 1991 gav Hammill ut ein opera, The Fall of the House of Usher. Han hadde skrive musikken og det tidlegare Van der Graaf Generator-medlemmet Judge Smith librettoen, og dei to hadde arbeidd på dette sidan 1973. I 1999 gav han ut ein omarbeidd versjon, The Fall Of The House Of Usher (Deconstructed & Rebuilt).

Hammill overlevde eit hjarteinfarkt i desember 2003[12][13] mindre enn 48 timar[14] etter han var ferdig innspelinga av Incoherence. Han fekk den italienske 'Tenco-prisen' for låtskriving mot slutten av 2004.[15]

I 2005 annonserte Hammill at han skulle starte opp att Van der Graaf Generator. I 2004 spelte dei inn eit nytt album, Present, som kom ut i april 2005 og frå mai til november 2005 spelte dei ei rekkje konsertar. Mellom 2005 og 2007 vart nesten alle utgjevingane hans før Fie! ommastra, og han gjorde sidan liknande arbeid på resten av katalogen sin. Hammill fortsette solokarrieren parallelt med Van der Graaf Generator. Han gav ut albumet Singularity i desember 2006. Det var det første soloalbumet hans etter hjarteinfarktet og handlar i stor grad om liv og (brå) død. Etter fleire konsertar med Van der Graaf Generator som trio i 2007 gav dei ut albumet Trisector i mars 2008. Sommaren og hausten 2008 turnerte Hammill som soloartist i USA og Canada, emllom anna på den progressive rockefestivalen NEARfest.

Thin Air kom ut 8. juni 2009. Dette vart følgd opp i oktober 2011 av det doble konsertalbumet Pno, Gtr, Vox, spelt inn i Japan og Storbritannia i 2010. Ein plateboks på sju plater, kalla Pno, Gtr, Vox Box kom ut i avgrensa opplav i februar 2012.

Consequences kom ut i mai 2012. Her spelte Hammill igjen alle instrumenta sjølv. Other World var eit samarbeidsalbum med gitaristen Gary Lucas, og kom ut i februar 2014. Albumet består av Hammill på vokal, Hammill og Lucas på gitar og Hammill sine lydhandsamingar, og er ei blanding av konvensjonelle songar med lange avantgarde-instrumentalar. I 2019 gav han ut In Amazonia som var eit samarbeidsalbum i lag med progrockgruppa Isildurs Bane.

Røyst[endre | endre wikiteksten]

Røysta til Hammill er eit særprega element i musikken hans. Han syng på ein emosjonell og ofte dramatisk måte. Som tidlegare jesuitt-korsongar, leverer han teksane sine på standard, britisk engelsk, med nokre få unntak. Tonen varierer frå fredleg til skrikande rop.[16][17]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Hammill snakkar flytande italiensk.[18] Han har vore gift sidan 1978 med Hilary, som han har tre barn med, Holly, Beatrice og Phoebe. Holly og Beatrice Hammill song sopranvokal på eit spor på Everyone You Hold og på to spor på None of the Above. Holly Hammill skreiv songen «Eyebrows» (på Unsung) og var medlåtskrivar på «Personality» (på Everyone You Hold).

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Diskografien til Peter Hammill.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Masters, Tim (6. september 2012). «Genesis honoured at Progressive Music awards». BBC News. Henta 26. juli 2020. 
  2. Hasted, Nick (26. juni 2004). «Peter Hammill: Heart attack music». The Independent. Arkivert frå originalen 15. april 2015. Henta 26. juli 2020. 
  3. Christopulos, J., and Smart, P.: Van der Graaf Generator – The Book, p. 5. Phil and Jim publishers, 2005.
  4. «Peter Hammill: Heart attack music». Independent.co.uk. Henta 26. juli 2020. 
  5. Christopulos, J., and Smart, P.: Van der Graaf Generator – The Book, p. 37. Phil and Jim publishers, 2005.
  6. Christopulos, J., and Smart, P.: Van der Graaf Generator – The Book, pp. 32–44, 58. Phil and Jim publishers, 2005.
  7. «Fodderstompf - Press Archives - Johnny Rotten Capital Radio, 1977». Henta 23. april 2016. 
  8. Album notes by Peter Hammill for The Margin +, expanded reissue of CD The Margin (2001). Fie!
  9. «Archived copy». Arkivert frå originalen 3. november 2009. Henta 26. juli 2020. 
  10. «Archived copy». Arkivert frå originalen 16. mai 2009. Henta 26. juli 2020. 
  11. «Learning Curves». Sofa Sound Newsletter. March 1995. Henta 26. juli 2020. 
  12. Hasted, Nick (26. juni 2004). «Peter Hammill: Heart attack music». The Independent. Arkivert frå originalen 15. april 2015. Henta 26. juli 2020. «When Peter Hammill collapsed in the street with a sudden heart attack last year, it didn't make the papers.» 
  13. «25/Dec 2003». Sofa Sound Newsletter. Desember 2003. Henta 26. juli 2020. 
  14. «26/Mar 2004». Sofa Sound Newsletter. March 2004. Henta 26. juli 2020. 
  15. «27/Mar 2005». Sofa Sound Newsletter. March 2005. Henta 26. juli 2020. 
  16. Album notes for Sometimes God Smiles – The Young Person's Guide To Discipline, compilation CD (1998). Discipline Global Mobile.
  17. «Peter Hammill May 16th, 1999 at Sandweiler, Luxembourg». fortunecity.com. 19. august 1999. Arkivert frå originalen 13. mai 2008. Henta 26. juli 2020. 
  18. «Incontro con PETER HAMMILL». Henta 26. juli 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Peter Hammill