Hopp til innhald

Peter Howitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Howitt
Fødd31. mai 1946
Guelph
NasjonalitetCanada
Yrkeuniversitetslærar, samfunnsøkonom
InstitusjonarBrown University
University of Western Ontario
Alma materNorthwestern University
University of Western Ontario
McGill University
DoktorgradsrettleiarJohn Ledyard
MedlemRoyal Society of Canada
Econometric Society

Peter Wilkinson Howitt (fødd 31. mai 1946) er ein kanadisk økonom og Lyn Crost-professor emeritus i samfunnsvitskap ved Brown University. Han er best kjend for samarbeidet sitt med Philippe Aghion om endogen vekstteori og omgrepet «skapande øydelegging» i moderne makroøkonomi.[1] I 2025 fekk Howitt, Aghion og Joel Mokyr saman Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitskap til minne om Alfred Nobel «for teorien om vedvarande vekst gjennom skapande øydelegging».[1]

Howitt vart fødd i Guelph, Ontario, i 1946.[2] Han tok bachelorgrad i økonomi ved McGill University i 1968, mastergrad ved University of Western Ontario i 1969, og doktorgrad ved Northwestern University i 1973, under rettleiing av Robert W. Clower.[3]

Akademisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Etter doktorgraden vende Howitt tilbake til Canada og underviste ved University of Western Ontario frå 1972 til 1996.[4] Han vart tilsett ved Ohio State University i 1996 og gjekk til Brown University i 2000, der han har vore sidan.[4] Sidan 2013 har han hatt tittelen professor emeritus ved Brown University.

I tillegg til universitetsarbeidet har han hatt eit langt samarbeid med C. D. Howe Institute, ein partipolitisk uavhengig tankesmie med base i Toronto, Canada. Howitt byrja å publisere økonomiske policyrapportar gjennom instituttet i 1986 og var «fellow-in-residence» der frå 2011 til 2015.[5][6]

Howitt var president i Canadian Economics Association i 1993–1994 og redaktør for Journal of Money, Credit, and Banking i perioden 1997–2000.[7]

Heider og prisar

[endre | endre wikiteksten]

Howitt vart vald inn som medlem av Royal Society of Canada i 1992 og av Econometric Society i 1994.[7][8] I 2019 fekk han og Aghion BBVA Foundation Frontiers of Knowledge Award i økonomi, finans og leiing.[9]

I 2025 vart Howitt og Aghion tildelt halve Sveriges Riksbanks pris i ekonomisk vetenskap till Alfred Nobels minne «for å ha forklart innovasjonsdrevet økonomisk vekst». Den andre halvdelen av prisen vart tildelt Joel Mokyr.[10][11]

  1. 1 2 The Royal Swedish Academy of Sciences (13. oktober 2025). «The Prize in Economic Sciences 2025» (PDF). The Nobel Prize. Henta 13. oktober 2025.
  2. Bueckert, Kate (13. oktober 2025). «Guelph's Peter Howitt Nobel win 'a proud moment' for Ontario universities where he studied and worked». CBC News. Henta 13. oktober 2025.
  3. Laidler, David (1. januar 2022). «Peter Howitt – A Keynesian Still in Recovery». University of Western Ontario Department of Economics Research Report Series. hdl:20.500.14721/11869.
  4. 1 2 «Brown University economics professor Peter Howitt wins Nobel Prize in Economic Sciences». News from Brown (på engelsk). Brown University. 13. oktober 2025. Henta 13. oktober 2025.
  5. Chevance, Catherine. «Scientific Folder DHC Peter Howitt – Gredeg». Gredeg (på fransk). Arkivert frå originalen 25. april 2025.
  6. «C.D. Howe Institute International Fellow Peter Howitt Wins Nobel Prize». C.D. Howe Institute (på engelsk). Henta 15. oktober 2025.
  7. 1 2 McDevitt, Neale (13. oktober 2025). «McGill Alumnus Peter Howitt awarded 2025 Nobel Prize in Economics for work on innovation and growth». McGill Reporter (på engelsk). McGill University. Henta 13. oktober 2025.
  8. «Current Fellows». Econometric Society. Henta 13. oktober 2025.
  9. «Peter Howitt, 12th Frontiers of Knowledge Award in Economics, Finance and Management». BBVA Foundation. Henta 13. oktober 2025.
  10. The Royal Swedish Academy of Sciences (13. oktober 2025). «The Prize in Economic Sciences 2025» (PDF).
  11. VG.no (13. oktober 2025). «Nobelprisen i økonomi går til Joel Mokyr, Phillippe Aghion, og Peter Howitt».