Peter III av Russland
Peter III av Russland | |
| |
Fødd | 10. februar 1728 (juliansk) Kiel |
---|---|
Død | 6. juli 1762 (juliansk) Ropsja |
Tittel | keisar av Russlad |
Føregangar | Elisabeth |
Etterfylgjar | Katarina II |
Alle titlar | keisar av Russlad |
Hus eller slekt | Romanov-Holstein-Gottorp, Fyrstehuset Oldenburg |
Gravstad | Peter- og Pauluskatedralen, Aleksandr Nevskij-klosteret, Aleksandr Nevskij lavra-bebudelseskirken |
Land | Det russiske imperiet |
Mor | Anna Petrovna |
Far | Karl Fredrik av Holstein-Gottorp |
Ektefelle | Katarina II av Russland |
Barn | Paul I av Russland, Anna Petrowna |
Peter III, fødd som Karl Peter Ulrich (fødd 21. februar 1728 i Kiel, død 17. juli 1762), russisk: Пётр III Федорович (Pjotr III Fjodorovitsj), var tsar av Russland i seks månader i 1762. Han var hertug av Schleswig-Holstein-Gottorp frå 1739 til 1762. Han høyrde til ei linje av fyrstehuset Oldenburg, og grunnla linja Romanov-Holstein-Gottorp.
Han var einaste son av hertug Karl Friedrich av Holstein-Gottorp og Anna Petrovna, ei dotter av Peter den Store. Ifølgje dei fleste historikarar var han mentalt umoden og svært pro-prøyssisk, noko som gjorde han til ein upopulær leiar. Han skal ha vorte myrda som følgje av eit komplott som var leidd av Aleksej Orlov, bror til elskaren til Katarina, Grigorij. Det er uklart i kva grad kona hans var direkte involvert i mordet. Kona hans etterfølgde han på trona som Katarina II.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av «Peter III av Russland» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 31. desember 2009.