Peter Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Jensen
Fødd 13. desember 1832
Død

21. mai 1879

Yrke prest, politikar

Peter Jensen (13. desember 183221. mai 1879) var ein norsk prest, ordførar og stortingsmann frå Christiania.

Jensen var son til ein lege. Han vart student i 1849 og cand. theol. i 1855. År 1856 var han agent for fråhaldssaka, frå 1858 var han stiftskapellan i Tromsø. Sokneprest 1861-75 i Tromsøysund, frå 1875 til han døydde i tilsvarande embete i Beitstad. Jensen var ordførar i Tromsøysund 1867-75 og medlem av forlikskommisjonen 1866-75.

Jensen var 1. representant frå Tromsø på Stortinget frå 1868 til 1876. På tinget 1868-69 var han medlem av næringskomite nr 1. Dei to valbolkane 1871-76 var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, formann i komiteen frå 1872. Også medlem av valkomiteen 1872-76. I 1872 var han medlem av Stortinget sin deputasjon til 1000-årsfeiringa i Haugesund, året etter var han med i deputasjonen til kongekroninga i Stockholm.

Jensen døydde i 1879 på prestegarden i Beitstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]