Peter Johan Støren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Johan Støren
Fødd 13. mai 1859
Spydeberg
Død

5. desember 1925

Peter Johan Støren (13. mai 18595. desember 1925) var ein norsk kanalstyrar, busett i Skien. Han representerte kjøpstadene i Telemark og Aust-AgderStortinget i tida 1922-25, vald inn for partiet Høgre.

Støren var fødd i Spydeberg i Østfold, der far hans då var sokneprest. Sjølv var han frå 1875 til -78 elev ved Chalmerska Institutet i Göteborg. Frå 1879 til 1883 arbeidde han ved Smålensbana. Året 1883/84 studerte han veg- og vassbyggingsfag ved den tekniske høgskulen i Dresden. Deretter var han assistent 1885-86 ved byggjinga av Tyvold-Arvedalsbanen og 1886 hos vegstellet i Bratsberg amt. Frå 1890 til 1902 arbeidde han i Skiensvassdraget, fyrste året som fløytingsinspektør, sidan som understyrar. I 1902 fekk stillinga som driftsstyrar av Bandak-Nordsjø og Nordsjø-Skienskanalane, ei stilling han hadde til han døydde.

Åra 1915-18 var Støren styreformann for det kommunale elektrisitetsverket i Skien. Støren var stortingsmann frå dei åtte kjøpstadene i fylka Telemark og Aust-Agder i åra frå 1922. Perioden 1922-24 var han medlem i Universitets- og fagskulekomiteen. Etter attval hausten 1924, var han i 1925 nestformann i same komiteen. Han døydde før året var omme, og vart erstatta for resten av tingperioden av varamann Bjarne Solberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]