Peter Julius Blom
Utsjånad
| Peter Julius Blom | |||
| Fødd | 23. mars 1820 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 9. mai 1902 (82 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar | ||
| Far | Gustav Peter Blom | ||
| Alle verv |
| ||
Peter Julius Blom (23. mars 1820–9. mai 1902) var ein norsk jurist og byråkrat, fødd i Våle i Vestfold. Han var son til Gustav Peter Blom.
Peter Julius Blom vart cand.jur. i 1845. Frå 1854 var han tilsett i politiet i Drammen, fyrst som assistent, frå 1863 som politimeister. Sidan var han byfut i Porsgrunn frå 1870, og sorenskrivar 1881-97 i Nordre Jarlsberg. Blom representerte Porsgrunn i Stortinget 1874-76, medlem i Gasje-og pensjonskomiteen.
Blom flytta til hovudstaden og døydde der.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914