Peter Kjeldseth Moe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Kjeldseth Moe
Fødd18. mai 1909
Ørsta kommune
Død30. juni 1973 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, advokat
Alle verv

Peter Kjeldseth Moe (18. mai 190930. juni 1973) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han var fødd i Ørsta, utdanna seg som jurist og arbeidde som sakførar i Ørsta.

Han var ordførar i Ørsta i periodane 1945-1947 og 1948-1951.

Han vart vald inn på Stortinget for Møre og Romsdal i 1957, og vart attvald i 1961, 1965 og 1969. Han hadde vore varamedlem i perioden 1954-1957. Han møtte då som vararepresentant medan Ulrik Olsen var statsråd. I juli 1956 døydde Anton Ludvig Alvestad, og deretter møtte Peter Kjeldseth Moe fast for resten av valperioden. For Ulrik Olsen møtte deretter vararepresentanten Arnfinn Severin Roald.

Peter Kjeldseth Moe døydde i 1973 rett før slutten av den siste valperioden hans. Oskar Edøy møtte på Stortinget deretter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]