Peter Krag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Krag
Peter Rasmus KRag.png
Fødd 12. mai 1825
Grong
Død

16. april 1891
Kristiania

Yrke ingeniør, politikar

Peter Rasmus Krag (12. mai 182516. april 1891) var ein ingeniørkaptein, vegmeister og politikar. Hans Peter Krag var far hans, Hans Peter Fyhn Krag, Thomas Krag og Vilhelm Krag sønene hans, medan Hans Hagerup Krag og Ole Krag var brørne hans.

Krag var fødd i Grong, der far hans var sokneprest. Sjølv var han 1842-44 kadettkrigsskulen. År 1847 tok han artilleri- og ingeniøreksamen, deretter byrja han 1848 som volontør i vegvesenet med arbeidet på Ljabrochausséen. Deltok så som assistent på veganlegget Ulefoss-Strengen, med eit avbrot 1851-52 i kanalvesenet. 1852 gjekk han tilbake til vegvesenet og var sentral i utbygginga av vegnettet i Telemark og Agderfylka. Under hans kommando vart om lag 350 km veg bygd rundt i kring Telemark, Kongsberg, Larvik-Porsgrunn, Kragerø, Setesdalsvegane, Flekkefjord-Sirdal, Kristiansand, samt bruer i Lyngdal og ved Mandal. Heilt fram til 1888 styrte han utbygginga av mange veganlegg, var stasjonert i både Vrådal, Kongsberg, Larvik, Søndeled, Risør, Kragerø og Kristiansand. Han var offiser i ingeniørbrigaden frå 1853, kaptein og sjef for hærens ingeniøravdeling i Kristiansand frå 1870. Mangeårig medlem av Kristiansand bystyre.

Krag representerte Larvik og SandefjordStortinget 1859-60, Nedenes og Råbyggelaget amt 1862-63 og på omframstortinget 1864. 1865-66 representerte han Nedenes og til sist representerte han Kristiansand 1877-82. Han var medlem av militærkomiteen 1859-60 og sekretær i same komiteen 1862-63 og 1865-66. På omframstortinget 1864 var han medlem av komiteen om avløninga av hæren. 1877-78 var han medlem av budsjettkomiteen, 1879-82 av jarnbanekomiteen. Elles var han sekretær i Odelstinget 1865-66 og medlem av Lagtinget 1880-82.

1889 flytta Krag til Kristiania då han vart kommandert til Oscarsborg festning, med tittel som distriktsingeniør. Han døydde i hovudstaden i 1891.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]