Peter Marstrander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Marstrander
Fødd 15. april 1883
Død

29. august 1967 (84 år)

Yrke teolog

Peter Elisæus Marstrander (15. april 188329. august 1967) var ein norsk teolog, mangeårig rektor ved Det praktisk-teologiske seminar ved Universitetet i Oslo.

Prestesonen Marstrander var fødd på Vega. Han vart cand.theol. i 1908 og studerte deretter ved Universitetet i Marburg og Universitetet i Heidelberg. Sidan var han personalkapellan i Fusa 1909-14 og Korskyrkja i Bergen 1914-17.

Frå 1917 var Marstrander knytt til Universitetet i Oslo. Dei fyrste åra, tida fram til 1925, var han universitetsstipendiat i systematisk teologi, samstundes var han frå 1918 også husfar ved Studenterhjemmet. Frå 1926 var han hovudlærar ved Det praktisk-teologiske seminar og frå 1937 til -53 rektor. I 1920-åra gav han fire bøker om ulike sider ved teologien og kristentrua, på hans eldre dagar kom Nattverden og vi, samt samleverket En bok om prekenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]