Peter Normann Waage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Normann Waage
Fødd 26. juni 1953
Yrke skribent

Peter Normann Waage (fødd 26. juni 1953) er ein norsk fagbokforfattar, omsetjar og føredragshaldar som har gjeve ut ein rad bøker og tidsskriftartiklar om kulturelle, kulturhistoriske og politiske emne. Han fekk i 2010 Riksmålsforbundets litteraturpris, for boka Leve friheten! Traute Lafrenz og Den hvite rose. Fleire av bøkene og artiklane hans er omsett til andre språk, særleg tysk og russisk. For den russiske utgåva av monografien om Fjodor Dostojevskij fekk Waage Petropol-prisen i St. Petersburg i 2003.

Peter Normann Waage redigerte i perioden 1979 til 1988 tidsskriftet Arken saman med forfattaren Kaj Skagen. Frå 1986 til 1988 var han redaktør i Dreyers Forlag, og frå 1992 til 2005 tilsett som kommentator og leiarskribent i Dagbladet. Deretter har han vore uavhengig skribent, omsetjar, føredragshaldar og frilansjournalist. Frå 2008 har han motteke Statens garantiinntekt for kunstnarar.

Waage gjekk på Rudolf Steinerskolen i Oslo i tida 1960 til 1967, på Forsøksgymnaset i Oslo frå 1969 til 1973, og studerte med nokre avbrot ved Universitetet i Oslo frå 1974 til 1983. Han har hatt fleire lange studieopphald i Russland og Italia. Han har òg vore særleg oppteke av Rudolf Steiners filosofi og sosiale idear, og har ved sitt forfattarskap gjort mykje for at Rudolf Steiners idear og steinerskulane skal vorte ålment godteke i det norske samfunnet. Waage har òg gjort mykje for å formidle kunnskap om idear og tilhøve i det sovjetrussiske og russiske samfunnet, mellom anna med bøkene Russland er et annet sted. En kulturhistorisk bruksanvisning og Russland er sitt eget sted : streker til et lands biografi. I desse bøkene tek han for seg Russlandssoga gjennom tusen år. Den siste boka går fram til valet til Dumaen i desember 2011. Bøkene tek mellom anna opp spørsmåla om kvifor landet er så annleis enn resten av Europa, og korleis eit land som har ei slik totalitær og kaotisk soge har kunna gjeve grobotn for store forfattarar.

Bøker av Peter Normann Waage[endre | endre wikiteksten]

  • Det usynlige kontinent : Vladimir Solovjov som Europas filosof, Dreyers Forlag 1988.
  • Når kulturer kolliderer. Et essay om islam og Europa, Aventura Forlag 1989. (Ny utgave 1993).
  • Det springende punkt. Essays". Aventura Forlag 1989.
  • Russland er et annet sted. En kulturhistorisk bruksanvisning, Aventura Forlag 1990. (Ny utgåve i 1992, ei gjennomgripande revidert og utvida utgåve kom i 2012 med tittelen Russland er sitt eget sted : streker til et lands biografi).
  • I prinsippet ja, Aventura Forlag 1991.
  • Et imperium går under. Notater om Sovjet gjennom 1991 (artiklar frå dagsavisa Dagbladet), Aventura Forlag 1992.
  • Jeg, vi og de andre. Om nasjoner og nasjonalisme i Europa, Cappelen, Oslo 1993.
  • Hva feiler det Norge? — Og andre essays Cappelen 1994.
  • Den farlige ytringsfriheten (saman med Toril Brekke og Bernt Hagtvet), Cappelen 1994.
  • Fjodor Dostojevskij, Gyldendal 1997.
  • Steppen og tiden: Min russiske venn Aleksandr og jeg i samtaler om hverandres land og kulturer, Cappelen 2001.
  • Brytninger. Essays, Cappelen 1998.
  • Mennesket, makten og markedet – Rudolf Steiners sosiale ideer i møte med globaliseringen, Pax forlag, Oslo 2002.
  • Islam i en moderne verden, Cappelen 2004.
  • Eine herausfordernde Begegnung. Schmuel Hugo Bergman und Rudolf Steiner, Pforte Verlag 2006.
  • Jeg – Individets kulturhistorie, Schibsted forlag, 2008. Ny utgåve 2012, ISBN 978-82-516-5779-2
  • Ordet og makten i Russland. [Oslo] [Molde] 2009 : Arneberg/Bjørnstjerne Bjørnson-akademiet ISBN 978-82-8220-026-4
  • Leve friheten! Traute Lafrenz og Den hvite rose, Schibsted forlag, 2010. ISBN 978-82-516-2746-7
  • Firenze : renessansens hovedstad og vår tids fødested : en personlig guide. Oslo 2012: Schibsteds forlag. ISBN 978-82-516-5693-1
  • Russland er sitt eget sted : streker til et lands biografi. [Oslo] 2012: Arneberg Forlag. ISBN 978-82-8220-036-3

Redaksjon og omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

  • Radio Jerevan og andre russiske vitser, Ex Libris Forlag 1989.
  • Grigorij Pomerants, Utgang fra trancen. Essays og artikler (omsett av Peter Normann Waage og Geir Flikke), Cappelen 2000.
  • Fascinasjon og forargelse. Rudolf Steiner og antroposofien sett utenfra (saman med Cato Schiøtz), Pax 2000.
  • Rudolf Steiner, Tregrening", (omsetjing og etterord), Vidarforlaget 2008.