Peter Osgood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Osgood

Peter Osgood statue outside Stamford Bridge.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 20. februar 1947
Windsor i Berkshire
Død

1. mars 2006
Slough

Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Peter Leslie Osgood (20. februar 19471. mars 2006) var ein engelsk fotballspelar som vann cupvinnarcupen 1971 med Chelsea FC, ein klubb senterløparen tente i tida 1964-74 og 1979.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Osgood spelte for London-klubben Chelsea frå desember 1964 til han i mars 1974 vart overført til Southampton FC. Ein langvarig beinskade hindra han å spele FA-cupfinalen 1967, Chelseas aller fyrste FA-finale til dess. I 1970 var han heilt sentral då Chelsea gjekk til topps i FA-cupen. Osgood skåra mål i alle seks cuprundane på veg mot triumfen. Finalen mot Leeds United enda uavgjort 2-2, i omkampen på Old Trafford i Manchester tok Leeds leiinga før Osgood utlikna og det vart ekstraomgangar. Midtstoppar David Webb vart historisk for Chelsea då han skåra det avgjerande målet i det 104. minutt. I mai 1971 møttest Real Madrid og Chelsea til kamp om cupvinnarcuppokalen i Pireus. Osgood sende Chelsea i føringa i finalen 19. mai 1971, men Real Madrid utlikna til 1-1 i det 90. minutt. Finaleomkampen vart avvikla to dagar seinare. John Dempsey og Osgood syrgde for leiing 2-0 til pause og Chelsea triumferte 2-1.

Våren 1974 vart Osgood, etter usemje med lagsjefen, overført til Southampton FC for 275 000 pund. Den 1. mai 1976 var han på plass då Southampton overraska og vann 1-0 over Manchester United i FA-cupfinalen på Wembley stadion i London. I 1977 fekk han lite speletid og var sidan innom Norwich FC og USA-amerikanske Philadelphia Fury, før han avslutta med ein del kampar i Chelsea-drakta i 1979.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Osgood deltok i fire landskampar for England, utan å skåre mål. Han fekk sin landslagsdebut våren 1970 og var innbytar i to av VM-kampane i Mexico same året. Hausten 1973 opptrådde han i den engelske landslagsdrakta for fjerde og siste gong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]