Hopp til innhald

Peter Pellegrini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Pellegrini

Fødd6. oktober 1975 (48 år)
Banská Bystrica
Statsborgar avSlovakia
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniverzita Mateja Bela v Banskej Bystrici
Technická univerzita v Košiciach
Alle verv
  • medlem av Nasjonalrådet
  • Slovakias statsminister (2018–2020)
  • medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling (2009–2012)
  • Speaker of the National Council of the Slovak Republic (2014–2016)
  • Slovakias helseminister (2019–2020)
  • Slovakias finansminister (2019–2019)
  • Minister of Interior of the Slovak Republic (2018–2018)
  • Deputy Prime Minister for the Recovery and Resilience Plan (2016–2018)
  • Slovakias president (2024–) Sjå dette på Wikidata

Peter Pellegrini (fødd 6. oktober 1975) er ein slovakisk politikar som har vore president i Slovakia sidan 15. juni 2024. Han var før dette statsminister i Slovakia frå 2018 til 2020.[1]

Pellegrini har òg vore helseminister frå desember 2019 til mars 2020, visepremierminister (2016–2018) og minister for utdanning og vitskap (2014), og har dessutan vore formann i det slovakiske parlamentet i periodane 2014–2016 og 2023–2024. Han var òg medlem av partiet Retning – sosialdemokrati (Smer-SD), men forlét dette partiet og var med på å stifta og leia Røysta – sosialdemokrati (Hlas-SD) sidan juni 2020.

I januar 2024 kunngjorde Pellegrini sitt kandidatur til presidentvalet i Slovakia i 2024. Han enda på andreplass etter Ivan Korčok i fyrste valomgang. Han vann likevel over Korčok i den andre omgangen som vart halde den 6. april med 53 % av røystene. Han vart innsett som den sjette presidenten i Slovakia den 15. juni 2024.[2]

Pellegrini studerte på økonomifakultet ved Matej Bel Universitet og Tekniske universitetet i Košice, med fokus på bank, investering og finans ved det sistnemnte.[3] Mellom 2002 og 2006 yrkte han som økonom og seinare som rådgjevar for Lubomír Vážny, ein medlem av det slovakiske parlamentet.[3][4]

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Tidlege funksjonar

[endre | endre wikiteksten]

Ved parlamentsvalet i 2006 vart han vald inn i det slovakiske parlamentet for partiet Smer-SD. Han vart attvald ved valet i 2010 og 2012.[3] Mellom 2012 og 3. juli 2014 var han statssekretær for finans. Han vart ei kort tid etter minister for utdanning og vitskap.[4]

Fyrste mandat som formann i parlamentet

[endre | endre wikiteksten]

Den 25. november 2014 vart han vald til formann i det slovakiske parlamentet.[5] I 2015 vart han utnemnd til «Digital Champion» av Slovakia, ein posisjon utnemnd av EU for å promotera fordelane med eit inkluderande digitalt samfunn.[6]

Statsminister

[endre | endre wikiteksten]
Pellegrini møter USAs president Donald Trump i Det kvite hus den 3. mai 2019.
Pellegrini møter den russiske statsministeren Mikhail Mishustin i Moskva den 26. februar 2020.

Under statsminister Robert Fico vart Pellegrini visepremier for investeringar i 2016,[7] og vart teken i eid som regjeringsleiar etter at forgjengaren hans gjekk av den 15. mars 2018 i kjølvatnet av mordet på journalisten Ján Kuciak.[8] President Andrej Kiska godkjente regjeringa til Pellegrini den 21. mars 2018;[9] 81 medlemer av det slovakiske parlamentet røysta for å godkjenda kabinettet veka etter.[10]

Etter å ha vore ei kort tid som fungerande innanriksminister i april 2018, tok Pellegrini over rolla som finansminister då Peter Kažimír forlét embetet for å verta guvernør for Den slovakiske nasjonalbanken i 2019.[11]

Seinare, i desember 2019, vart han også fungerande helseminister etter at Andrea Kalavská gav seg.[12]

Andre mandat som formann i parlamentet

[endre | endre wikiteksten]

Den 25. oktober 2023 vart han attvald som formann i det slovakiske parlamentet med 131 røyster.[13]

Presidentkandidat

[endre | endre wikiteksten]

Pellegrini kunngjorde sitt kandidatur som president i Slovakia den 19. januar 2024 etter stor støtte blant tilhengjarane hans,[14] partiet hans Hlas-SD og koalisjonspartiet Smer-SD.[15]

Den 23. mars 2024 kom han på andre plass i fyrste runde med 37,03 % med karriere-diplomat Ivan Korčok som vann med 42,52 % og pensjonist advokat og domar Štefan Harabin som tok tredjeplass med 11,74 %.[16]

Den 6. april 2024 vann han den andre runden med 53,12 % mot Ivan Korčok med 46,88 %.[17] Dagen etter valet, stadfesta Pellegrini at han ville gå av som leiar for Hlas-SD og gjeva frå seg medlemskapen sin i partiet for å heidra den uskrivne politiske tradisjonen om at presidenten skal vera ein ikkje-partisk embetsinnehavar.[18]

Personleg liv

[endre | endre wikiteksten]

Pellegrini har italienske forfedre.[19] Hans farfar Leopoldo Pellegrini (1856–1942) kom til Austro-Ungarn for å taka del i bygginga av jernbanen mellom Levice og Zvolen.[20] I 2019 skildra han seg som ein ikkje-praktiserande Katolikk.[21]

Pellegrini er ein ungkar.[22][23] I eit intervju med tabloidet Plus 7 dní i 2020, vart Pellegrini spurt om han var homofil, noko han nekta. Denne hendinga førte til at redaktøren i magasinet gjekk av, som hevda at Pellegrini hadde blanda seg inn for å stansa spørsmålet frå å verta publisert.[24][25]

  1. «President of the Slovak Republic | Biography», President of the Slovak Republic (på engelsk), henta 15. juni 2024 
  2. «Peter Pellegrini, a close ally of the populist prime minister, is sworn in as Slovakia's president», AP News (på engelsk), 15. juni 2024, henta 15. juni 2024 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Panellist | Peter Pellegrini». Globsec. Arkivert frå originalen 20. desember 2014. Henta 11. januar 2015. 
  4. 4,0 4,1 «Novým ministrom školstva sa stal Peter Pellegrini». Slovak Ministry for Education, Science, Research and Sport. Arkivert frå originalen 1. mai 2019. Henta 11. januar 2015. 
  5. «Novým predsedom parlamentu sa stal Peter Pellegrini» (på slovakisk). Teraz. Arkivert frå originalen 24. mars 2021. Henta 11. januar 2015. 
  6. «The Digital Champion of Slovakia». European Commission. Arkivert frå originalen 18. oktober 2015. Henta 11. januar 2015. 
  7. «Robert Fico appointed for third time as Slovak PM». Xinhua. Arkivert frå originalen 31. mars 2017. Henta 2. april 2016. 
  8. «Reshuffled Slovak Cabinet Takes Office, Easing Crisis After Journalist's Murder». U.S. News. Arkivert frå originalen 24. mars 2021. Henta 30. mars 2018. 
  9. «Slovak president approves new cabinet». Financial Times. Arkivert frå originalen 24. mars 2021. Henta 30. mars 2018. 
  10. «Slovakia MPs okay cabinet despite calls for snap polls». The Sun Daily. Arkivert frå originalen 24. mars 2021. Henta 30. mars 2018. 
  11. Hovet, Jason. «Slovak PM to head finance ministry temporarily after Kazimir leaves». Arkivert frå originalen 24. mars 2021. Henta 6. august 2019. 
  12. Hajčáková, Daniela. «Čaputová prijala Kalavskej demisiu, ministerstvo povedie Pellegrini». Arkivert frå originalen 21. august 2020. Henta 18. desember 2019. 
  13. «Pellegriniho zvolili za predsedu NR SR. O obštrukciu sa postaral Matovič, v rozprave mu tvrdo vynadal». Pravda (på slovakisk). 25. oktober 2023. Arkivert frå originalen 25. oktober 2023. Henta 25. oktober 2023. 
  14. Kerekes, Daniel. «Podpora Pellegriniho rastie, aj keď neohlásil prezidentskú kandidatúru. Teraz by ho Korčok neporazil» (på slovakisk). Arkivert frå originalen 31. januar 2024. Henta 7. april 2024. 
  15. «Predsedníctvo Hlasu schválilo kandidatúru Pellegriniho na prezidenta» (på slovakisk). Arkivert frå originalen 7. april 2024. Henta 7. april 2024. 
  16. «Výsledky prezidentských volieb 2024 - 1. kolo» (på slovakisk). Arkivert frå originalen 8. april 2024. Henta 7. april 2024. 
  17. «Voľby 2024 - Výsledky prezidentských volieb 2. kolo LIVE» (på slovakisk). Arkivert frå originalen 7. april 2024. Henta 7. april 2024. 
  18. Massayová, Vanessa. «Peter Pellegrini sa vzdá členstva aj predsedníctva v Hlase: Chcem dodržať nepísanú tradíciu» (på slovakisk). Arkivert frå originalen 7. april 2024. Henta 7. april 2024. 
  19. «Deputy prime minister for investments: Peter Pellegrini (Smer)». Petit Press a.s. Arkivert frå originalen 16. mars 2018. Henta 15. mars 2018. 
  20. Burčík, Matúš. «Prvý Pellegrini prišiel pred 130 rokmi. Syn bol v ruskom zajatí. Majetok im znárodnili» (på slovakisk). Petit Press a.s. Arkivert frå originalen 1. april 2024. Henta 1. april 2024. 
  21. Kekelák, Lukáš. «Zahlasoval za obdobu registrovaných partnerstiev, Záborskú označil za protipotratovú džihádistku» (på slovakisk). POSTOJ MEDIA, s.r.o. Arkivert frå originalen 24. mars 2024. Henta 24. mars 2024. 
  22. «Pellegrini: Slovakia's heartthrob politician to be new PM». Arkivert frå originalen 7. april 2024. Henta 7. april 2024. 
  23. Dlhopolec, Peter. «Danko seeks to make Pellegrini's sexuality a topic ahead of presidential race». Petit Press a.s. Arkivert frå originalen 18. januar 2024. Henta 7. april 2024. 
  24. «A chief editor quits over Pellegrini's intervention in a to-be-published interview». Petit Press a.s. Arkivert frå originalen 7. april 2024. Henta 7. april 2024. 
  25. Hron, Jan. «Pellegrini měl zcenzurovat rozhovor. Nelíbila se mu otázka, zda je gay» (på tsjekkisk). Mafra. Arkivert frå originalen 7. april 2024. Henta 7. april 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Peter Pellegrini