Peter Pohl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Pohl

Statsborgarskap Sverige, Tyskland
Fødd 5. desember 1940 (83 år)
Hamburg
Yrke skribent, barnebokforfattar, foreleser, universitetslærar
Språk svensk
Sjanger barnelitteratur
Peter Pohl på Commons

Peter Pohl (fødd 5. desember 1940) er ein svensk forfattar og lektor. Han vart fødd i Hamburg i Tyskland.

Bøkene hans vert ofte selde og marknadsførte som barne- eller ungdomsbøker, sjølv om han sjølv meiner at bøkene ikkje er retta mot ei særskild aldersgruppe. Bøkene hans handlar ofte om barn som på ulike vis har det vanskeleg og dei inneheld ofte skildringar av liding, sorg og vondskap. Somme kritikarar meiner difor at bøkene hans er alt for dystre for barn.

Dei seks bøkene Regnbågen har bara åtta färger, Vi kallar honom Anna, De Stora Penslarnas lek, Medan regnbågen bleknar, Vilja växa og Klara papper är ett måste utgjer ei romansuite med grunnlag i Pohl sin eigen ungdom. Wiveca Friman har skrive ei doktorgradsavhandling kalla Växandets gestaltning i Peter Pohls romansvit om Micke om denne romansuita.

Jag saknar dig, jag saknar dig! fekk Augustpriset i klassen for barne- og ungdomsbøker i 1992.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1985 – Janne, min vän
  • 1986 – Regnbågen har bara åtta färger
  • 1987 – Vi kallar honom Anna
  • 1988 – Havet inom oss
  • 1988 – Alltid den där Anette!
  • 1989 – De Stora Penslarnas lek
  • 1989 – Medan regnbågen bleknar
  • 1990 – Kan ingen hjälpa Anette?
  • 1991 – Malins kung Gurra
  • 1991 – Man har ett snärj
  • 1992 – Glittras uppdrag
  • 1992 – Jag saknar dig, jag saknar dig!
  • 1993 – En röd sten till Carina
  • 1994 – Vill dig
  • 1994 – Vilja växa
  • 1995 – Grunderna i Numeriska Metoder
  • 1995 – När alla ljuger
  • 1996 – Minns det
  • 1997 – Men jag glömmer dig inte
  • 1998 – Klara papper är ett måste
  • 1998 – Intet bortom det yttersta
  • 1998 – Tillsammans kan vi förändra världen
  • 1999 – Man kan inte säga allt
  • 2000 – Jag är kvar hos er
  • 2002 – Tusen kulor
  • 2005 – Sekten

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]