Peter Rinnan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Rinnan
Ole Peter Rinnan.jpg
Fødd16. april 1845
Trondheim
Død8. januar 1929
Trondheim
NasjonalitetNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, tollar, skippar

Ole Peter Schjølberg Rinnan (16. april 18458. januar 1929) var ein norsk sjømann og tollbuformann frå Trondheim, aktiv politikar for partiet Høgre.

Rinnan var son til ein skipper i Trondheim, men voks opp i Ibestad hos farbroren Ole P. Schjølberg fram til konfirmasjonsalderen. Han arbeidde som snikkar 1860-65, og var sjømann i kystfart med reiarlaget Nordenfjeldske frå 1865 til 1876. Frå 1872 hadde han styrmannseksamen og frå 1876 skipperborgarskap. Han var så dampskipsførar i kystfart og utanriksfart til 1881 og skipsførar til 1891. Frå 1891 var han arbeidsformann ved tollbua i Trondheim.

Rinnan var medlem av Trondheims bystyre 1895–1901, og av formannskapet i byen 1895–98. Perioden 1904-06 representerte han bykrinsen Trondheim og LevangerStortinget, der han var medlem av kyrkjekomitéen.

Han vart tildelt 7. juni-medaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]